St George's Channel

From Wikipedia, the free encyclopedia

St George's Channel
Remove ads

St George's Channel (walisisk Sianel San Siôr, irsk Muir Bhreatan) er sundet mellom Irskesjøen i nord og Keltarsjøen i sørvest. Historisk vart namnet nytta om farvatnet mellom Irland i vest og Wales og West Country i aust. Bristolkanalen gjekk dermed ut i St George's Channel. Namnet vert i dag vanlegvis nytta om farvatnet rundt det smalaste området av sundet, mellom Carnsore Point i County Wexford og Saint David's Head i Pembrokeshire. Farvatnet lenger nord vert no rett og slett rekna som den sørlege Irskesjøen, medan farvatnet sør for sundet vert rekna som ein del av Keltarsjøen. I Irland snakkar ein derimot ofte om ein «tur over kanalen» når ein snakkar om til og frå Storbritannia.

Kjappe fakta Land ...
Remove ads

Cape Cornwall ved sørvestenden av Cornwall er der St George's Channel møter Den engelske kanalen. Kysten av St George's Channel er kysten av Nord-Cornwall og Nord-Devon i West Country Pembrokeshire og Cardigan Bay i Wales og grevskapa Wexford, Waterford og Cork sør på Irland.

Av dyreliv i St George's Channel finn ein brugde, delfin, nise, gråsel, havlêrskjelpadde, hummar og andre dyr. Vatnet er reint og klårt og har mange matkjelder for desse dyra.

Namnet på sundet skal ha kome frå segna om at heilage Jørgen (St. George) reiste til Romersk Britannia frå Det osmanske riket på 1300-talet og at han då kom gjennom dette sundet.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads