Standing There
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Standing There» er ein song av det engelske bandet The Creatures (òg kjend som songaren Siouxsie Sioux og trommeslagaren Budgie). Innspelinga vart produsert i lag med Mike Hedges med Gary Barnacle på saksofon og Peter Thoms på trombone.
Det var den første singelen frå Boomerang, det andre albumet til The Creatures. Melody Maker skreiv: «'Standing There' er ein stampande første singel frå Boomerang og omhandlar denne sjølvsame kjønnskampen, men hentar det heile bevisst heim.»[1]
Den første B-sida, «Divided», var ikkje med på albumet. Sidan vart det lagt til ei B-side til for CD-utgåva av singelen, «Solar Choir».
I USA vart songen spelt mykje på alternativ radio og nådde fjerdeplassen på Billboard Modern Rock Tracks-lista i januar 1990.[2]
Remove ads
Notes
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads