State of Confusion

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

State of Confusion er det 19. studioalbumet til det engelske rockebandet The Kinks, gjeven ut i 1983. Det inneheld singelen «Come Dancing», som nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100 og var ein av dei største hittane deira i USA, med ein like høg plassering som «Tired of Waiting for You» i 1965. Sjølve albumet vart òg ein stor suksess og nådde 12. plassen på albumlista i USA.[4]

Meir informasjon The Kinks-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Det har vore minst sju nyutgjevingar av albumet på CD i forskjellige land (alle med fire bonusspor), men ingen av dei hadde med 12"-miksen av «Come Dancing», som aldri har blitt gjeve ut på CD. I tillegg har ikkje 12"-versjonen av «Noise» blitt gjeven ut på CD nokon gong. Den britiske 12"-versjonen av «Bernadette» har skilnader, og inneheld ekstra tekst av Davies i den midtre delen.

Remove ads

Produksjon

Albumet vart spelt inn mellom september 1982 og mars 1983 i Konk Studios i London, og var produsert av Ray Davies.

«Long Distance» og «Noise» vart berre gjevne ut på kassettversjonar av albumet. I 1984 vart «Long Distance» gjeven ut som ein av to B-sider på singelen «Do It Again» i Tyskland (den andre var «Guilty»). Songen kom så ut på både LP- og CD-utgåva av samlealbumet Come Dancing with The Kinks i 1986.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Ray Davies

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

The Kinks
  • Ray Davies – solovokal, rytmegitar, synthesizer, piano
  • Dave Davies – sologitar, vokal (solovokal på «Bernadette»)
  • Mick Avory – trommer
  • Jim Rodford – bassgitar
  • Ian Gibbons – klaverinstrument
Teknisk
  • Produsert av Raymond Douglas Davies
  • John Rollo, Damian Korner – lydteknikar
  • Howard Fritzson – albumdesign
  • Robert Ellis – fotografi

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads