Statsdumaen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Statsdumaen
Remove ads

Statsdumaen, vanleg forkorting Gosduma (Госдума) er den lovgjevande forsamlinga i Russland, og «underhus» eller «andrekammer» i det russiske parlamentet. Den russiske grunnlova frå 1993 slo fast at statsdumaen skulle bestå av 450 representantar som vart valde for ein periode på fire år. I 2008 vart dette endra til fem år. Halvparten skulle veljast gjennom tilhøvetalval, dei andre ved enkelt fleirtal i enkeltmannskretsar. Frå 2007-valet er enkeltmannskretsane sløyfa, og alle representantane vert valt gjennom tilhøvetalval frå parti med minst 7 prosent oppslutning.

Kjappe fakta Type, Leiarskap ...

Russiske statsborgarar over 21 år er valgbare til statsdumaen. Det vart gjennomført dumaval i 1993, 1995, 1999, 2003, 2007, 2011 og 2016.

Statsdumabygningen ligg i sentrum av Moskva, like ved Manezjnaja-plassen. Den noverande forma av dumaen vart skapt i 1993 etter innføringa av ei ny grunnlov under Boris Jeltsin som vart stadfesta ved ei folkerøysting.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads