Stefania Liberakakis
gresk-nederlandsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stefania Liberakakis (fødd 17. desember 2002 i Utrecht), kjend som berre Stefania, er ein gresk-nederlandsk songar, skodespelar, stemmeskodespelar og youtuber. Liberakakis representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Last Dance» og enda på ein tiendeplass.[1]
Liberakakis er tidlegare medlem av jentegruppa Kisses som representerte Nederland i Junior Eurovision Song Contest 2016. Ho spelte òg i den nederlandske tv-serien Brugklas. Ho skulle ha representert Hellas i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Superg!rl», men tevlinga vart avlyst for å hindre spreiing av koronaviruset.
Remove ads
Bakgrunn
Tidleg karriere
I 2013 var Liberakakis ein av deltakarane i den tredje sesongen av nederlandske The Voice Kids. Ho vart ein del av laget til songaren Marco Borsato etter blind audition-runden, men vart slått ut av tevlinga i utslagsrundane. Etter dette song ho to år i barnekoret Kinderen voor Kinderen.[2]
I 2016 prøvesong Liberakakis for songtevlinga Junior Songfestival, den nederlandske nasjonale finalen til Junior Eurovision Song Contest. Ho vart sidan vald internt til å representere Nederland i Junior Eurovision Song Contest 2016 i Valletta, som ein del av jentegruppa Kisses. Gruppa opptredde med songen «Kisses and Dancin'» og enda på ein åttandeplass blant 17 deltakarar.[2][3]
2017–2019: Solokarriere og skodespel
I 2018 gav Liberakakis ut sin første solosingel, «Stupid Reasons». Året etter kom tre nye singlar: «Wonder», «I'm Sorry (Whoops!)» og «Turn Around». I juni 2019 opptredde ho under den greske musikkprisutdelinga MAD Video Music Awards. Der song ho ein coverversjon av songen «Con Calma», saman med artistane Konnie Metaxa og Ilenia Williams.[2]
Frå 2018 har Liberakakis òg spelt rolla som Fenna i TV-serien Brugklas på nederlandsk fjernsyn. Ho spelte òg i dei nederlandske filmane Brugklas: Dei tijd van m'n leven, De Club van Lelijke Kinderen og 100% Coco New York.[2]
Eurovision Song Contest
Seint i 2019 vart Liberakakis nemnd som ein mogleg kandidat til å representere Hellas i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. 3. februar 2020 stadfesta den greske kringkastaren ERT at Liberakakis var internt vald til å representere Hellas og etterfølgje 2019-deltakaren Katerine Duska.[4][3] Liberakakis skulle ha delteke med songen «Superg!rl» under den andre semifinalen torsdag 14. mai 2020 i Ahoy Rotterdam, men tevlinga vart avlyst for å hindre spreiinga av koronaviruset SARS-CoV-2.
Liberakakis representerte i staden Hellas i Eurovision Song Contest 2021 med låten «Last Dance».[5] Der nådde ho finalen etter å ha vorte blant dei ti beste i den andre semifinale torsdag 20. mai.[6] Til slutt vart ho nummer 10 av 26 i finalen.[7]
Remove ads
Kjeldar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads