Steinar Pettersen
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Steinar Pettersen (fødd 29. april 1945) er ein norsk tidlegare fotball- og bandyspelar frå Drammen.
Pettersen spelte på Strømsgodset i perioden 1962–75. Han var den sentrale spelaren då Strømsgodset i løpet av få år rykte opp frå å vere ein lokal til ein nasjonal toppklubb. I perioden 1969-73 vann Strømsgodset tre seriemeistertitlar og eitt noregsmeisterskap. Pettersen spelte seks landskampar i åra 1969-72.
Pettersen var med på det norske landslaget som tok sølv i bandy-VM 1965 i Moskva. Han skåra alle måla i NM-finalen 1962, då Strømsgodset slo Sparta 4-0. seinare vann ytterlegare fem NM-titlar i bandy med Strømsgodset. Pettersen deltok i 29 bandylandskampar.
- Norsk meister: 1969, 1970 og 1973 med Strømsgodset IF
- Seriemeister: 1970 med Strømsgodset IF
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Steinar Pettersen» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads