Stepan Bandera

ukrainsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Stepan Bandera
Remove ads

Stepan Andrijovytsj Bandera (1. januar 190915. oktober 1959) var ein ukrainsk politikar som leidde Organisasjonen av Ukrainske Nasjonalistar OUN.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Han vart dømd til livsvarig fengsel for drapet på den polske innanriksministeren i 1934, men vart sett fri da sovjetiske styrkar tok Lviv frå Polen i 1939. Den 30. juni 1941 vart han med i den ukrainske regjeringa som vart proklamert etter at Nazi-Tyskland hadde invadert Sovjetunionen.

Thumb
Minnesmerke for Stepan Bandera i Ternopil

Etter dette vart han sett i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, der han sat til 1944, da han vart sett fri for å leie einingar av OUN/UPA.

Grupper frå OUN/UPA held fram med å drive væpna operasjonar mot sovjetiske og polske styresmakter til først på 1950-talet, særleg i Karpatane.

Den 15. oktober 1959 vart Bandera drepen i München i Vest-Tyskland, truleg etter ordre frå KGB.

I 2006 bestemte administrasjonen i Lviv at gravene til mellom andre Stepan Bandera skulle overførast til eit nytt område på gravplassen Lytsjiakivskij som er spesielt tileigna det som blir kalla den ukrainske nasjonale frigjeringskampen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads