Steve Backley

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Stephen James Backley, kjend som Steve Backley, (fødd 12. februar 1969) er ein britisk, tidlegare friidrettsutøvar med spydkast som spesialgrein. Han vart europameister i øvinga fire gongar på rad, frå 1990 til 2002. Dessutan vann han to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i sommarolympiadane 1992-2000, og to sølvmedaljar i verdsmeisterskap; 1995 og 1997. Han var fast på det britiske landslaget i over 15 år, og er den einaste britiske friidrettsutøvaren som har vunne medaljar i tre ulike OL.

Kjappe fakta

Sin personlege rekord på 91,46 m oppnådde han i 1992 i North Shore i New Zealand, britisk rekord også i 2012.

Remove ads

Aktiv

Backley slo gjennom i 1990-sesongen, då han fyrst sette verdsrekord med 89,58 meter under eit stemne i Stockholm. Seinare i sesongen vann han den fyrste av fire strake EM-titlar, han var såleis regjerande europameister i spydkast i 16 år. I januar 1992 var han på New Zealand og kasta der spydet 91,46 m, ein verdsrekord som vart ståande til Jan Železný tok over rekorden i 1993.

Perioden 1993-98 var Backley heile tida mellom dei største medaljefavorittane i dei store meisterskapane, og vart aldri dårlegare enn nummer fire. Under sommar-OL 1992 i Barcelona fekk Backley bronsemedaljen i spydkast-tevlinga. To år seinare forsvara han EM-tittelen, noko han også gjorde i 1998. Ved det siste høvet vart det sågar britisk dobbeltsiger, då Mick Hill kom på andreplassen. I dei tre mellomliggande sesongane vart Backley vist til sølvplassen i to verdsmeisterskap i friidrett, samt sommar-OL 1996. Jan Železný var hans overmann både i 1995 og 1996, slik han hadde vore også i 1992.

Med 89,85 meter presterte Backley under sommar-OL 2000 sitt lengste meisterskapskast nokon gong. Men enno ein gong måtte han sjå Jan Železný føre seg på resultatlista, slått med 32 centimeter. Backley vart i 2002 europameister for fjerde gong på rad. Gullmedaljen vart sikra då han i femte omgang med 88,54 m tok over leiinga frå russaren Sergej A. Makarov. Makarov makta ikkje forbetre sine 88,05 m og måtte nøye seg med sølvmedaljen. Backley avslutta si tid som aktiv med å verte nummer fire i sine fjerde og siste olympiske leikar, nok ein gong viste han sine meisterskapsevner med eit årsbestekast på 84,13 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads