Stine Oftedal Dahmke

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stine Oftedal Dahmke
Remove ads

Stine Oftedal Dahmke (fødd 25. september 1991) er ein norsk handballspelar frå Nittedal som perioden 2017-24 spelte for ungarske Győri ETO. I åra frå 2011 til 2024 var ho med på å vinne eitt OL-gull, tre VM-gull og fire EM-gull, to VM-sølv, EM-sølv og to OL-bronsar med Noregs landslag. Dahmke deltok i 269 landskampar og skåra 757 mål.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Klubbspel

Oftedal Dahmke var i yngre år medlem i Nit-Hak Håndballklubb. Sesongen 2007/08 spelte ho på Fjellhammer IL, deretter var ho spelesjef (playmaker) i Stabæk IF i fem år. Sidan var aktiv i franske Issy Paris i tida 2013-17. Frå sommaren 2017 var ho ein sentral spelar for det ungarske topplaget Győri ETO som i 2018, 2019 og 2024 sigra i EHF-meisterligaen.

Landslagsspel

Thumb
Stine Oftedal Dahmke i norsk landslagsdrakt i 2015.

Sommaren 2009 var Oftedal Dahmke med på vinne junior-VM i handball, ein prestasjon ho og Noreg gjentok eitt år seinare. Hausten 2010 fekk ho sin landslagdebut mot Island den 26. november. I desember 2011 deltok ho på det norske laget som vann handball-VM 2011. Også ved handball-EM 2012, der det vart finaletap mot Montenegro etter ekstraomgangar, var ho med i den norske troppen.

Frå og med handball-EM 2014 har Oftedal Dahmke vore sentral i angrepsspelet til det norske landslaget som midtre rykkrom-spelar, der samspelet med særleg Nora Mørk har vore viktig for norske triumfar ved EM 2014, VM 2015 og EM 2016, og siger i bronsefinalen under Sommar-OL 2016. Sidan handball-VM 2015 har ho vore Noregs kaptein i meisterskapsturneringane.

Thumb
Oftedal Dahmke i Issy Paris-drakt i 2014.

Merittar landslag

Remove ads

Privatliv

Stine Oftedal Dahmke har studert ved Handelshøyskolen BI i Oslo.[1] Ho er storesystera til Hanna Oftedal Sagosen og Herman Bredal Oftedal, begge handballspelarar.

Ho gifta seg i 2024 med den tyske handballspelaren Rune Dahmke.[2]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads