Stoke-on-Trent

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stoke-on-Trent
Remove ads

Stoke-on-Trent er ein by ved elva Trent i midt-England, nærare avgjort i grevskapet Staffordshire. I 2022 hadde han eit estimert folketal på 259 965.[2][3] Byen er ein samansmelting av dei seks byane Stoke-upon-Trent, Hanley, Burslem, Longton, Tunstall og Fenton. Samanslåinga skjedde i 1910, og den nye eininga fekk status som city i 1925. Den 1. april 1998 vart han ei sameint styresmakt. Stoke er omgjeven av byane Newcastle-under-Lyme, Alsager, Kidsgrove og Biddulph, som saman utgjer ein konurbasjon.

Kjappe fakta Land, Region ...

Sidan 1600-talet har området vore kjent for industrielt pottemakeri og porselensproduksjon. Blant kjende produsentar i byen er Royal Doulton, Wedgwood, Spode og Minton. Det var i Stoke-on-Trent, som i mange andre britiske byar, ei krise industrien mot slutten av 1900-talet, men situasjonen er stabilisert, og nivået på arbeidsløyse ligg omtrent på gjennomsnittet i regionen.

Dei seks byane har halde nokre særpreg. Til dømes er Burslem og Fenton utdanningssentrum, medan Hanley er eit handelssentrum.

Det blir tala ein distinkt dialekt i området, som i seinare år i stadig større grad blir avgrensa til eldre innbyggjarar.

To profesjonelle fotballklubbar held til i byen, Stoke City og Port Vale. Stoke City kjem frå Stoke-upon-Trent medan Port Vale kjem frå Burslem. Det er ei særs sterk rivalisering mellom dei to klubbane.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads