Nål
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ei nål er ein lang, tynn og gjerne spiss reiskap som kan brukast til handarbeid og festing av ting. Ulike nåler vert nytta til saum, stopping, broderi eller liknande. Nåler vert som regel laga av metall. I dag er stål det vanlegaste materialet, tidlegare blei også jern og bronse brukt, og i samfunn utan tilgang på metall kan ein bruka bein og horn.

Ein kan oppbevara nåler i nålebrev eller på nåleputer.
Remove ads
Bruk til saum
Storleiken og forma på nåla og eventuelt nålauget varierer etter kva bruk nåla er laga for. Nåler til handsaum har eit nålauge i den eine enden og er spisse eller butte i den andre enden. Symaskinnåler har gjerne auget nær spissen. Knappenåler har ikkje nålauge, men er i staden litt flattrykte eller har ein stoppar i den uspisse enden.
Bruk til pynt på personar
Hårnåler og hattenåler er nåler meint til å festa hår og hovudplagg med. Dei kan vera dekorerte i eine enden. Brystnåler, brosjer eller jakkemerke (pins) er nåler med dekorasjonar som kan festast på klede til pynt eller for å halda kleda att.
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads