Store Styggedalstind

From Wikipedia, the free encyclopedia

Store Styggedalstind
Remove ads

Store Styggedalstind, òg kalla Styggedalstindene, Store, er ein av Styggedalstindane, som er ein del av den større ryggen Styggedals- og Skagastølsryggen. Ryggen ligg igjen i fjellområdet Hurrungane, i den sørvestre delen av Jotunheimen. Styggedalstindane ligg i Luster kommune i Vestland.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Store Styggedalstind, som ligg mellom Sentraltind i vest og Jervvasstind i aust, er ein om lag 800 meter lang rygg som går i aust-vest-retning. Ryggen er smal med bratt nord- og sørside. Ryggen har to toppunkt, Austtoppen (2387 moh.) og Vesttoppen (2383 moh.), som ligg om lag 300 m frå kvarandre.

Store Styggedalstind (Austtoppen) er det fjerde høgaste fjellet i Noreg. Sjølv om Vesttoppen òg er eit toppunkt, og høgdemessig kvalifiserer til å verte kalla Noreg sitt femte høgaste fjell, er han normalt ikkje med i lister over Noreg sine høgaste fjell sidan han har ein primærfaktor på berre 25 m.

Remove ads

Sjå òg

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads