Styggedalstindane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Styggedalstindane (2387 moh.), også kalla Styggedalstindene, inneheld det fjerde høgaste fjellet i Noreg, Store Styggedalstind. Det er ein fjellrygg som utgjer ein del av den større ryggen Styggedals- og Skagastølsryggen i fjellområdet Hurrungane sørvest i Jotunheimen. Styggedalstindane ligg i Luster kommune i Vestland.
Ryggen, som ligg mellom Sentraltind i vest og Jervvasstind i aust, er rundt 800 meter lang og går i aust-vestleg retning. Ryggen er smal med bratt nord- og sørside. Ryggen har to toppunkt, Austtoppen (2387 moh.) og Vesttoppen (2383 moh.), som ligg rundt 300 m fra hverandre.
Styggedalstinden (Austtoppen) er det fjerde høgaste fjellet i Noreg. Sjølv om Vesttoppen òg er eit toppunkt, og høgdemessig er kvalifisert til å kallast det femte høgaste fjellet i Noreg, er han normalt ikkje med i lister over dei høgaste fjella ettersom han har ein primærfaktor på berre 25 m.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads