Store Zab

From Wikipedia, the free encyclopedia

Store Zab
Remove ads

Store Zab eller Øvre Zab (arabisk الزاب الكبير (al-Zāb al-Akbar), tyrkisk Zap, kurdisk Zêy Badînan, gammalsyrisk ܙܒܐ ܥܠܝܐ (zāba ʻalya)) er ei om lag 400 km lang elv som renn gjennom Tyrkia og Irak. Ho spring ut i Tyrkia nær Vansjøen og munnar ut i Tigris i Irak sør for Mosul. Nedslagsfeltet hennar er kring 40 300 km² og ho har mange sideelvar som tilfører vatn til elva. Elva får hovudsakleg vatn gjennom regn og snøsmelting, så vassføringa varierer stort gjennom året. Det er planlagt minst seks demningar i Store Zab og sideelvane hennar, men berre bygginga av ei er starta så langt, Bekhmedemninga. Bygginga vart stoppa etter Golfkrigen.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Zagrosfjella har vore busett sidan minst eldre steinalder og ein har funne spor etter neandertalske busetnader ved Store Zab ved Shanidargrotta. Ein har historiske skrifter frå regionen frå slutten av 2000-talet fvt. og frametter. I den ny-assyriske perioden gav Store Zab vatn for landområda kring hovudstaden Nimrud. Slaget ved Zab – som enda Umayyad-kalifatet – fann stad nær ei sideelv til Store Zab, og dalane til elva verna flyktningar frå den mongolske erobringa av Irak. På 1800- og 1900-talet var det ofte opprør hos dei lokale kurdarane som ønskte sjølvstyre.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads