Storkenebbslekta
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Storkenebbslekta (Geranium) er ei slekt i storkenebbfamilien. Ho inneheld 422 artar og veks i alle tempererte delar av verda, men er særleg vanleg i dei austre middelhavslanda. I Noreg veks fjorten artar.

Remove ads
Eit kjenneteikn for slekta er frukta som har gjeve opphav til namnet hennar (og heile storkenebbfamilien): Griffelen blir til ein lang, stiv søyle i frukta som kan minna om nebbet til ein stork. Andre kjenneteikn ved slekta er forgreina stenglar med djupt flika blad. Blomane har fem kronblad, begerblad og fruktblad. Det er to kretsar av pollenberarar og dermed ti pollenberarar. Dei fleste blomane har farge frå rosa til purpur, men ein finn også kvite blomar, særleg hjå skogstorkenebb.
Remove ads
Norske artar
- Blodstorkenebb (G. sanguineum)
- Rosestorkenebb (G. macrorrhizum)
- Skogstorkenebb (G. sylvaticum)
- Engstorkenebb (G. pratense)
- Askerstorkenebb (G. pyrenaicum)
- Stankstorkenebb (G. robertianum)
- Blankstorkenebb (G. lucidum)
- Bråtestorkenebb (G. bohemicum)
- Åkerstorkenebb (G. dissectum)
- Møllestorkenebb (G. carolinianum)
- Steinstorkenebb (G. columbinum)
- Hjulstorkenebb (G. rotundifolium)
- Lodnestorkenebb (G. molle)
- Småstorkenebb (G. pusillum)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Storkenebbslekta» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2010.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads