Stranded av Roxy Music
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stranded er det tredje studioalbumet til det engelske rockebandet Roxy Music, gjeve ut i november 1973 på Island Records i Storbritannia og Atco Records i USA.[1]
Det var det første Roxy Music-albumet der Bryan Ferry ikkje var den einaste låtskrivaren, sidan Andy Mackay og gitarist Phil Manzanera òg bidrog til albumet. Albumet var det første utan Brian Eno, som hadde gått frå gruppa etter For Your Pleasure.
Stranded nådde førsteplassen på den britiske albumlista. Songen «Street Life» vart gjeven ut som singel og nådde niandeplassen på singellista i Storbritannia. I Noreg nådde albumet 15. plassen på VG-lista, medan det i USA berre nådde 186. plassen.
På omslaget er det bilete av den dåverande kjærasten til Ferry og Playmate of the Year, Marilyn Cole. Biletet vart teken av Karl Stoecker og styla av Antony Price.
Remove ads
Mottaking
I ei melding for Rolling Stone i 1974 skreiv Paul Gambaccini: «Roxy Music kan ikkje lenger ignorerast av amerikanarane. Dei sel kanskje ikkje like godt som dei har gjort i Storbritannia, der Stranded gjekk heilt til topps, men den kunastnariske framføringa deira må anerkjennast. Stranded er ei veltalande erklæring om at det framleis finst grenser som amerikansk pop ikkje har utforska.»[10]
I ei melding for Creem i 1974 meinte Robert Christgau at Ferry var ein «ambisiøs» men «skrå» artist og siterte New York-kunstnaren Sidney Tillem si avhandling om figurativ kunst, «Aspects and Prospects», i konklusjonen av meldinga si for albumet: «Med moral i kunstsamanheng meiner eg ein stil som utfører den djupare sosiale og psykologiske funksjonen til form, i motsetnad til eit særskild aspekt av forfengelegheit kalla 'smak'. Pop-sensibilitet, pop-medvit, pop-sentimentalitet har vore uvurderlege for å avklare provinsialisme og nostalgi som faktisk gjennomsyrer ein kultur som har vore stolte av seg sjølv av å vere sofistikerte. Men dei har ikkje ført til ein ny kunst, berre fordi den naudsynte idealismen har mangla.»[11]
I ei positiv melding skreiv AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine om albumet: «Leia av Bryan Ferry gjekk Roxy mot relativt streit territorium, og la større vekt på piano og tunge gitarar. Sjølv utan bølgjene av synthesizeren til Eno, er musikken til Roxy stundom forstyrrande, men i denne nye inkarnasjonen føretrekk dei likevel meir avmålt materiale.»[2]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde
Medverkande
Roxy Music
- Bryan Ferry – vokal, piano, elektrisk piano, munnspel
- John Gustafson – bassgitar
- Eddie Jobson – synthesizer, klaverinstrument, elektrisk fiolin
- Andy Mackay (som Andrew Mackay) – obo, saksofon, handsamingar
- Phil Manzanera – gitar, handsamingar
- Paul Thompson – trommer, pauker
Andre medverkande
- Chris Laurence – kontrabass på «Sunset»
- The London Welsh Male Choir – kor på «Psalm»
- Chris Thomas – produksjon, bass på «Street Life»[12] (uncredited)
- Nicolas de Ville – design
- Karl Stoecker – fotografi
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads