Strange Magic
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Strange Magic» er ein song skriven og framført av Electric Light Orchestra (ELO). Han vart gjeven ut i 1975 på albumet Face the Music.
Songen vart gjeven ut som singel i 1976. Singelen vart korta ned i USA, medan den britiske versjonen berre fekk kutta ut orkesterintroduksjonen. Den amerikanske singelutgåva finst remastra på Face the Music-utgåva frå september 2006. Songen finst òg på The ELO EP frå 1978. Ein remastra versjon vart gjeven ut i plateboksen Flashback i 2000. Den «gråtande» gitarbiten vart spelt av Richard Tandy.
Remove ads
Lister
Vekeslister
Årslister
Remove ads
Andre versjonar
Jeff Lynne spelte inn songen på ny i 2013 for eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som eit ELO-album.[13]
Songen vart nytta i filmen The Virgin Suicides men finst ikkje på musikkalbumet med musikk frå filmen.
Delar av songen, sungen av Darren Hayes, vart nytta i filmen Ella Enchanted.
Songen vart framført som ein del av Broadway-musikalen Xanadu.
Steve Rushton spelte songen for Wizards of Waverly Place.
Ein kan høyre songen i ein episode av situasjonskomedien «That '70s Show».
Songen vart òg nytta i filmen Hunky Dory [2012].
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads