Strofádes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Strofádesmap
Remove ads

Strofádes (gresk skrift Στροφάδες) er ei lita øygruppe i Hellas og Dei joniske øyane.

Kjappe fakta Land ...

Ho består av to små øyar, Stamfáni og Árpya, som ligg 115 km sør for Zákynthos. Øyane høyrer til den gresk-ortodokse kyrkja, og høyrer administrativt inn under kommunen og periferieininga Zákynthos. I 2011 hadde øyane 1 innbyggjar i klosteret på Stamfáni,[1] men i 2021 var det ikkje registrert nokon.[2]

Begge øyane har lite vegetasjon og er steinete. Det er mykje fuglar på øyane, som poseidonlire, spurvefuglar og turtelduer, men det er ikkje lov med jakt.

Remove ads

Strofádes i kulturen

Strofádes skal ha vore bustad for harpyar. Vergil skriv at harpyar dreiv bort trojanarane frå Strofádes. Øya vert nemnd i Den guddomlege komedien.

I følgje mytane skal namnet på øya, som tyder «øya der ein snur», referere til Zetes og Calais, sønene til Boreas, som reiste med argonautane. Zetes og Calais redda Fineas frå harpyane. Dei klarte å drive udyra bort, men drap dei ikkje etter ynskje frå regnbogegudinna, Iris, som lovde at Fineas ikkje skulle plagast av harpyane meir. Dei vart tvinga til å snu ved Strofádes av Iris då dei fylgde etter udyra.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads