Subotica

From Wikipedia, the free encyclopedia

Subotica
Remove ads

Subotica (kyrillisk Суботица, ungarsk Szabadka, rumensk Subotița, rusinsk Суботица, Subotitsja) er ein by og kommune i den sjølvstyrte provinsen Vojvodina nord i Serbia. Han ligg om lag 10 km frå grensa til Ungarn.

Kjappe fakta Land, Region ...

Subotica er i dag den nest største byen i Vojvodina etter Novi Sad med oppunder 90 000 innbyggjarar. Det gjer han til den femte største byen i Serbia. Kommunen har nær 125 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Nord-Bačka.

Remove ads

Namn

Namnet «Subotica» har vorte skrive på nesten 200 måtar gjennom historia fordi så mange ulike folkeslag har halde til i byen sidan mellomalderen. Første gong byen var nemnd i skriftlege kjelder var i 1391, då som «Zabadka». Dette er ein variant av det noverande ungarske namnet på byen, «Szabadka». Den noverande stavinga dukka første gong opp i 1679. Byen fekk nytt namn i 1740-åra til ære for Maria Teresia av Austerrike, erkehertuginne og dronning av Böhmen og Ungarn. Byen heitte då «Szent-Maria», men skifte namn til «Maria-Theresiapolis» i 1779. Namnet vart endra tilbake til «Szabadka» i 1811.

Remove ads

Geografi

Byen ligg på Den pannoniske sletta ved 46,07° nord, 19,68° aust, med ei høgd på 109 moh. Han er den nordlegaste byen i Serbia. Palićsjøen ligg like i nærleiken av byen.[2][3] Sanddyneområdet Subotička Peščara ligg nord for byen, langs grensa til Ungarn.[4]

Subotica har fuktig kontinentalklima (Dfb) med varme somrar, noko som er uvanleg i Serbia, bortsett frå i høgareliggjande område.

Historie

Mellomalderen og Det osmanske riket

Subotica vart truleg først ein busetnad då folk frå nærliggande landsbyar øydelagde av tatarinvasjonane flytte hit i 1241–1242. Då «Zabadka» først vart nemnd i 1391 var Subotica ein liten by i Kongedømet Ungarn. Seinare høyrde byen til familien Hunyadi, ein av dei viktigaste aristokratiske familiane i Mellom-Europa på denne tida.

Kong Matthias Corvinus av Ungarn gav byen til ein av slektningane sine, János Pongrác Dengelegi, som frykta ein invasjon frå Det osmanske riket og bygde festningsverk rundt borga i Subotica i 1470. Nokre tiår seinare, etter slaget ved Mohács i 1526, kollapsa kongedømet Ungarn og Subotica vart gradvis ein grenseby i Det osmanske riket. Dei fleste ungararane i byen flykta nordover til «Det kongelege Ungarn».[5] Bálint Török, ein lokal adelsmann som hadde styrt Subotica, flykta òg frå byen.

Thumb
Statue av tsar Jovan Nenad i Subotica.

I den særs forvirrande militære og politiske situasjonen som følgde slaget i Mohács kom Subotica under kontrollen til serbiske leigesoldatar frå Banatet. Desse soldatane tente den transilvanske generalen John I Zápolya, seinare ein ungarsk konge.[6] Leiaren for desse leigesoldatane, Jovan Nenad den svarte, erklærte seg sjølv tsar og grunnla ein kortvarig sjølvstendig stat med Subotica som hovudstad. Denne staten bestod av heile Bačka, det nordlege Banatet og ein liten del av Srem. Då Bálint Török kom tilbake tok han Subotica frå serbarane, og tsar Jovan Nenad flytte hovudstaden sin til Szeged.[7] Nokre månader seinare, sumaren 1527, vart den sjølverklærte tsaren myrda og staten hans kollapsa.

Dei osmanske tyrkarane styrte byen frå 1542 til 1686. Mot slutten av denne nesten 150 år lange perioden var det ikkje mykje att av gamlebyen i Zabadka. Sidan mykje av folkesetnaden hadde flydd, oppfordra tyrkarane forskjellige nybyggjarar frå Balkan å kome til byen. Desse var hovudsakleg ortodokse serbarar. Dei dyrka den særs frodige landjorda rundt Subotica. I 1570 hadde Subotica 49 hus og i 1590 63 hus. I 1687 vart regionen busett av katolske dalmatiarar (kalla Bunjevci i dag).

Sjølvstendekrigar og revolusjonar

Thumb
Våpenskjoldet til byen då han blei gjeven byrettar i 1743.

Etter det avgjerande slaget mot tyrkarane ved Senta (Zenta) leia av fyrst Eugene av Savoie den 11. september 1697 vart Subotica ein del av Militærgrensa langs Tisa-Mureş oppretta av Habsburgmonarkiet. I mellomtida braut opprøret til Francis II Rákóczi ut, som òg vert kalla Kuruckrigen. I regionen rundt Subotica medverka Rákóczi i kampane mot Rac nasjonale milits. Rác var eit omgrep nytta som dei sørslaviske folka (hovudsakleg serbarar og bunjevci) og dei vart ofte kalla rácok i Ungarn. Seinare tydde rácok hovudsakleg ortodokse serbarar.[8]

Dei serbiske militære familiane hadde mange privilegium på grunn av tenestene dei utførte for Habsburgmonarkiet. Subotica utvikla seg gradvis frå ein rein garnisonsby til ein marknadsby med eigne byrettar i 1743. Då dette skjedde klaga mange serbarar på at dei miste privilegia sine. Dei fleste forlét byen i protest, og nokre av dei grunnla ein ny busetnad like utanfor Subotica på 1700-talet, kalla Aleksandrovo, medan andre emigrerte til Russland. I Ny-Serbia, ein russisk provins oppretta for dei, grunnla desse serbarane ein ny busetnad som òg heitte «Subotica». I 1775 vart det oppretta eit jødisk samfunn i Subotica.

Nokre tiår seinare, i 1779, gav keisarinne Maria Teresia av Austerrike byen status som fri kongeleg by. Dei entusiastiske innbyggjarane gav då byen namnet «Maria-Theresiopolis».[9]

Denne statusen sette fart i utviklinga av byen. På 1800-talet dobla folketalet seg og trekte til seg mange innbyggjarar frå heile Habsburgmonarkiet. Dette førte etter kvart til ei stor endring i dei demografiske tilhøva. På første halvdel av 1800-talet var bunjevci framleis ein majoritet, men det var stadig fleire ungararar og jødar som slo seg ned i Subotica. Denne prosessen stoppa først med den ungarske revolusjonen i 1848-1849.

Trass i dei mange etniske gruppene, slo dei seg saman for å forsvare Subotica i slaget ved Kaponya den 5. mars 1849. Dei slo tilbake serbiske troppar frå Sombor i retning mot Szeged. Den første avisa i byen kom òg som eit resultat av revolusjons-ånda i 1848-1849. Avisa heitte Honunk állapota («Tilstanden i heimlandet vårt») og kom ut på ungarsk frå det lokale trykkkeriet til Károly Bitterman.

Etter undertrykkingane under den ungarske revolusjonen, vart Ungarn styrt av baron Alexander von Bach i 1849–1860. I denne perioden vart Subotica, i lag med heile regionen Bačka, skild frå det habsburgske Ungarn og vart ein del av ein eigen austerriksk provins kalla Vojvodina av Serbia og Tamiš Banat. Det administrative senteret i denne nye provinsen var Timişoara.

Frå gullalderen til andre verdskrigen

Thumb
Postkort frå Subotica frå 1914.
Thumb
Bilet av synagogen i Subotica frå 1923.

Etter at dobbelmonarkiet vart oppretta i 1867 opplevde Subotica ein slags gullalder. Byen hadde alt fått eit imponerande teater i 1853 og mange skular starta opp etter 1867. I 1869 fekk byen jarnbanesamband. Det første kraftverket vart bygd i 1896 og førte til vidare utvikling av byen og heile regionen. Subotica hadde no ein fin de siècle-arkitektur. I 1902 vart det bygd ein jødisk synagoge i art nouveau-stil.

Subotica var ein del av Austerrike-Ungarn fram til slutten av den første verdskrigen i 1918, då byen vart ein del av kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar. Byen hamna utanfor dei økonomiske og kulturelle hovudstraumane og vart ein grenseby i Jugoslavia. Han var på denne tida den tredje største byen i Jugoslavia, etter Beograd og Zagreb.

I 1941 vart Jugoslavia invadert og delt mellom Aksemaktene. Den nordlege delen, inkludert Subotica, vart annektert av Ungarn. Under den andre verdskrigen, den såkalla Horthy-perioden frå 1941 til 1944, hadde katastrofale fylgjer for Subotica. Byen miste 7 000 innbyggjarar, hovudsakleg serbarar og jødar. Ungarske troppar gjekk inn i Subotica 11. april 1941. I løpet av krigen tok aksemaktene livet av mange sivile. Før krigen heldt 6 000 jødar til i Subotica. Mange jødar vart deporterte frå byen under Holocaust, hovudsakleg til Auschwitz. I 1942 vart den første gruppa av jødiske menn deportert. I april 1944 vart det oppretta ein getto i byen av okkupasjonsstyremakta.[10] Mange kommunistar miste òg livet i denne perioden. Innbyggjarane i Subotica, av alle nasjonalitetar; serbarar, ungarar, bunjevci, kroatar, jødar og andre, kjempa i lag i partisanrørsla mot aksemaktene. I 1944 forlét aksemaktene byen og Subotica vart ein del av av det nye sosialistiske Jugoslavia. Etter krigen vart dei som hadde samarbeidd aksemaktene avretta.

I etterkrigstida vart Subotica gradvis modernisert. Under Jugoslaviakrigane og Kosovokrigen i 1990-åra kom mange serbiske flyktningar til Subotica frå Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Kosovo, medan mange etniske ungarar og kroatar forlét landet på grunn av det politiske trykket i Milošević-perioden og den aukande graden av serbisk nasjonalisme.

Remove ads

Bybilde

Subotica har mange bygningar i ein lokal ungarsk variant av art nouveau.[11] Denne stilen kombinerer typiske art nouveau vegetal-ornamentasjon og symbolske figurar med tradisjonelle ungarske motiv. Ikoniske bygningar som synagogen i Subotica og Reichelpalasset er rekna som nokre av dei fremste døma på denne arkitekturstilen i Europa.[12]

Det historiske nasjonalteateret i Subotica blei bygt i 1854 som den fyrste monumentale offentlege bygningane i byen. Det blei rive i 2007, trass i at det var erklært eit historisk monument under statleg vern i 1983, og lagt til det nasjonale registeret over monument av høg kulturell verdi i 1991. Planen var å byggja det opp att med gjenopning i 2017.[13]

Remove ads

Befolkningsutvikling

Meir informasjon År, Folketal ...

Busetnader

Dei største busetnadane i kommunen er:[14]

Meir informasjon Folketal 2002, Folketal 2011 ...
Remove ads

Biletgalleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads