Sugar av Natalia Gordienko
song frå 2021 med Natalia Gordienko From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sugar» (norsk: sukker), stilisert «SUGAR», er ein elektropopsong frå 2021 som vert framført av den moldovske songaren Natalia Gordienko. Songen er komponert av Dimitris Kontopoulos, Sharon Vaughn og Filipp Kirkorov og vart sloppen for strøyming og digital nedlasting 4. mars 2021.[1] «Sugar» var det moldovske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på 13. plass.
Remove ads
Om songen
«Sugar» er skriven av det internasjonale låtskrivarlaget Dimitris Kontopoulos, Sharon Vaughn og Filipp Kirkorov. Det same laget stod òg bak den forrige låten til Gordienko, «Prison», som ho skulle ha delteke med i Eurovision Song Contest 2020.
«Sugar» vart sloppen 4. mars 2021, men låttittelen vart offentleggjord 14. februar 2021. I samband med offentleggjeringa la Gordienko ut følgjande tekst på sin Instagram-konto: «Livet er kort – bryt reglane, sei farvel rask, le ukontrollert, kyss sakte og elsk ømt. God valentinsdag og gjer dykk klar for å ynskja våren velkomen med masse sukkar i liva dykkar!».[2][3][4]
Remove ads
Eurovision Song Contest
«Sugar» vart framført av Natalia Gordienko som skulle ha representert Moldova i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. Den moldovske allmennkringkastaren TRM vedtok at Gordienko i staden skulle få representere landet i 2021 med ein ny song.[5]
Moldova deltok i den andre semifinalen, som vart arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 20. mai. Der kom «Sugar» på sjuandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[6] Under finaleframsyninga mista Gordienko mikrofonen i scenegolvet midtveges i framføringa, men ein av dansarane fekk plukka han raskt opp, og Gordienko kunne halda songen fram utan avbrot.[7] Ifølgje uoffisielle rapportar inneheldt songen den lengste tonen i Eurovision Song Contests historie, 15 sekund.[8]
«Sugar» enda til slutt som nummer 13 av 26 bidrag med 115 poeng.
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads