Sultanatet Egypt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sultanatet Egypt
Remove ads

Sultanatet Egypt var eit britisk protektorat over Egypt som varte frå 1914 til 1922.

Kjappe fakta

Storbritannia hadde allereie hatt indirekte kontroll ovar Egypt sidan 1882, då dei overvann den egyptiske hæren, og over Sudan i sør. Etter at det sudanske mahdistopprøret blei slått ned i 1899 hadde Sudan blitt eit anglo-egyptisk kondominium kjend som Anglo-egyptisk Sudan.

Då Storbritannia kom i krig med Det osmanske riket, som Egypt i namnet var ein del av, ved utbrotet av første verdskrigen i 1914, erklærte britane Egypt som sitt protektorat. Dei avsette khediven og innsette eit familiemedlem, Fuad, som sultan av Egypt.

Under sultanatperioden hadde Egypt ein framvekst av nasjonalisme, og i 1919 braut det ut eit opprør som førte til at Egypt tre år seinare blei sjølvstendig som kongedømet Egypt.

Egyptisk historie
ThumbRosettasteinenThumbGamal Abd al-Nasser i militæret

Egypt i oldtida: ca 3000 f.Kr.–525 f.Kr.
Egypt under persarane: 525 f.Kr.–332 f.Kr.
Egypt under ptolemearane: 332 f.Kr.–30 f.Kr.
Aegyptus, under romersk styre: 30 f.Kr.–639
Det arabiske Egypt: 639–1517
Egypt under osmanarane: 1517–1805
Reform og modernisering: 1805–1882
Egypt under europearar: 1882–1953
Sjølvstendige Egypt: sidan 1953

Remove ads

Kjelder

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads