Sumarlide Sigurdsson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sumarlide Sigurdsson (fødd på slutten av 900-talet og død ein gong mellom 1014 og 1018) var jarl på Orknøyane, saman med brørne Einar (Vrangmunn) og Bruse.

Familie
Sumarlide er nemnt i Orknøyingasoga[1] og i dei norrøne kongesogene, i Soga om Olav den heilage[2]. Han var son til Sigurd Lodvesson jarl (Sigurd Digre) og det er ikkje opplyst noko om kven som var mor hans. Han hadde to yngre brør, Einar (Vrangmunn), Bruse og ein reknar med at dei hadde sams mor. Truleg så seint som i 1007 vart Sigurd jarl gift med dotter til den skotske kongen Malcolm II[3], og ho var mor til Sumarlide sin tredje bror, halvbroren Torfinn.
Remove ads
Liv og lagnad
Orknøyingsoga fortel at etter at Sigurd Lodvesson fall i slaget ved Clontarf i 1014, vart Sumarlide jarl over Orknøyane saman med dei to brørne sine, og dei delte då riket i «tridjungar»[Note 1]. Halvbror deira, Torfinn, var på den tida særs ung, kanskje berre fem år gamal, og han var blitt send til fostring hjå morfar sin, kong Malcolm 2.
Sogene skildrar Sumarlide som klok, stillfarande og fredsam. Meir er ikkje fortalt om han, anna enn at han døydde på sotteseng, berre kort tid etter at han var blitt jarl. Etter at han var borte, vart det usemje mellom brørne hans om delinga av jarleriket.
Remove ads
Notar
- Det ser ut til at det store riket som Sigurd Lodvesson hadde rådd over, fall saman då han døydde, og dei tre eldste sønene hans rådde berre over det opphavelege øyriket, Orknøyane og Shetland. Områda på fastlandet i Skottland (Caithness og Sutherland) vart lagt under ungguten Torfinn Sigurdsson, men no med det skotske kongen (morfaren) som overherre.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads