Orknøyjarlane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Orknøyjarlane var hovdingar og stormenn som i norrøn tid rådde over øyriket vest i havet. Kjerneområdet deira var Orknøyane og Shetland, men til ulike tider rådde dei òg over deler av «Katanes» (Caithness i Skottland) og «Sudrland» (Sutherland i Skottland), dei skotske øyane, deler av Irland og heilt sør til øya Man.

Thumb
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten «jarl í Orkneyum».
Remove ads

Mørejarlsætta

Dei første, kjende orknøyjarlane høyrde til i Mørejarlsætta. Det er ei hypotese at Ragnvald Mørejarl, som ættling i ei «sjøkongeætt» i røynda var arvingen til eit etablert, sjølvstendig sjørike på Orknøyane. Kanskje var ikkje Sigurd jarl den mektige den første orknøyjarlen, men rett og slett berre den første som sogeskrivarane på 1200-talet hadde kunnskap om. Den første som er nemnt i sogene som hadde hadde herredømet over Orknøyane, var Ragnvald Mørejarl (han levde på 800-talet og døydde omkring 892), og dei fleste av jarlane fram til om lag 1231 kunne rekne ætta si attende til han. Det norrøne sogeverket orknøyingasoga vart nedskrive omkring år 1200 og handlar om livet til jarlane i denne perioden:

Jarlane var i tida fram til 1468 ofte underordna kongane i Noreg, men til tider òg kongane i Skottland for områda på det skotske fastlandet. Det er likevel noko uvisst i kor stor grad dei første orknøyjarlane var underlagt norsk herredøme. Den eldste kjelda som gir oss konkret opplysning om dette, er Beretningen om Hamburg stift[1] av Adam av Bremen, der det i tredje bok, kapittel 17, blir sagt at kong Harald Hardråde la under seg øyane i 1066, då han hadde lagt ut på hærferd for å erobre England.

Meir informasjon Namn, Fødd/død ...

I 1266 selde kong Magnus Lagabøte Sudrøyane (Hebridane) og Man til den skotske kongen (Perthtraktaten). I 1468 vart Orknøyane pantsett til den skotske kongen av Kristian I av Danmark/Noreg og i 1469 Hjaltland (Shetland). Øyane vart seinare ikkje løyst ut.

Remove ads

Jarletittelen

Når hovdingane i Mørejarlsætta hadde tittelen «jarl», blir dette ofte sett synonymt med «kongens jarl» - noko som er ei historisk mistolking. «Jarl» er ein eldgamal, sjølvstendig hovdingtittel som truleg er eldre enn konge-tittelen.[a] Den eldste nemninga blir oftast gitt tydinga «fri mann av god ætt og høg byrd», men ordet skriv seg òg frå stammenamnet heruler.[4] Orknøyjarlane kalla seg opphavleg for «jarl» fordi det var ein nedarva tittel i deira ætt, til liks med jarlane i Håløygeætta. I styringstida til kong Olav Haraldsson vart det sagt at Orm Eilivsson var jarl og at det skulle vere berre éin jarl om gongen i Noreg. Orknøyjarlane kom ikkje inn under denne «regelen» og vart like fullt kalla jarlar sjølv etter at dei reelt sett vart underordna norske kongar.

Remove ads

Merknadar

  1. Om jarle-tittelen, sjå Norges Historie v/Bugge.[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads