Sumvitg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sumvitg er ein kommune i distriktet Surselva i kantonenen Graubünden i Sveits. Kommunen har 1 281 innbyggjarar (2010) og eit areal på 102 km². Kommunesenteret ligg 1056 meter over havet. Retoromansk er dominerande talemål i kommunen.

Kommunen ligg i Disentis kreis og dekkjer begge sidene av Vorderrheindalen og Val Sumvitg. Han består av landsbyen Sumvitg og grendene Surrein, Rabius, Laus og Compadials samt fleire spreidde gardar. I nord deler kommunen ei kort grense med kantonen Glarus, denne grensa går over fjelltoppen Tödi, den høgste i kommunen og som her heiter Piz Rüssein.
Lag da Laus (Laussjøen) ligg ovanom grenda Laus.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sumvitg» frå Wikipedia på tysk, den 22. oktober 2011 og «Sumvitg» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad (retoromansk)/(tysk)
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads