Supper's Ready

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Supper's Ready» er ein song av det britiske rockebandet Genesis, gjeven ut på albumet Foxtrot frå 1972. Bandet spelte ofte heile stykket på konsertane sine i fleire år etter albumet kom ut. Det finst konsertopptak på Seconds Out (1977), Genesis Archive 1967-75 og Genesis Live 1973–2007.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

I eit intervju oppsummerte Peter Gabriel «Supper's Ready» som «ei personleg reise som endar opp med at ein vandrar gjennom scener frå Openberringa i Bibelen...det er alt eg vil sei».[1]

Remove ads

Struktur

Songen har ei lengd på nesten 23 minuttar og er delt inn i sju delar. Fleire musikalske og lyriske tema dukkar opp gjennom heile stykket. Som mange progressive rockestykke inneheld songen mange endringar i takt, forteikn, leiemotiv, instrumentering og stemning.[2]

Songen er tilskriven av heile bandet (Banks/Collins/Gabriel/Hackett/Rutherford). I forskjellige intervju seier Banks at han komponerte mykje av musikken medan han framleis var student på universitetet. Gabriel skreiv det meste av teksten. Collins medverka mykje med arrangement og overgangane mellom stykka.

Dei sju delane av songen er «Lover's Leap», «The Guaranteed Eternal Sanctuary Man», «Ikhnaton and Itsacon and Their Band of Merry Men», «How Dare I Be So Beautiful?», «Willow Farm», «Apocalypse in 9/8 (Co-Starring the Delicious Talents of Gabble Ratchet)» og «As Sure As Eggs Is Eggs (Aching Men's Feet)»

«Willow Farm» var opphavleg ein eigen song, med musikk og tekst av Gabriel.

Remove ads

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads