Susanthika Jayasinghe

From Wikipedia, the free encyclopedia

Susanthika Jayasinghe
Remove ads

Susanthika Jayasinghe (fødd 17. desember 1975) er ein srilankisk tidlegare friidrettsutøvar som utmerkte seg på 200 meter. Ho vart tildelt VM-sølv 1997, OL-sølv 2000 og VM-bronsen 2007 på distansen.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Jayasinghe kneip sølvmedaljen på 200 meter under verdsmeisterskapen 1997, med personbeste-tida 22,39 var ho ein hundredels sekund framom Merlene Ottey frå Jamaica.

Eit par veker før Sommar-OL 2000 presterte Jayasiinghe livsbeste på 100 meter i eit stemne i Yokohama. Tida 11,04 sekund viste at ho var i god form framom det store målet, den olympiske 200-meteren. I OL-finalen i Sydney sprang ho sitt livs beste løp og vart klokka inn på 22,28 sekund. Med 21,84 sekund fekk Marion Jones frå USA beste tid, Pauline Davis-Thompson frå Bahamas fekk sluttida 22,27 og kom hårfint føre Jayasinghe. Etter at Jones i 2007 vart frådømt gullmedaljen, flytta IOK Jayasinghe opp på sølvplass.

Under Friidretts-VM 2007 i Osaka kneip Jayasinghe bronsemedaljen på 200 meter med ein margin på to hundredels sekund til Torri Edwards frå USA. Ho kom heile 0,82 sekund etter den suverene vinnaren, Allyson Felix, og nesten tre tidels sekund bakom sølvmedaljør Veronica Campbell.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads