Susie Q

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Susie Q» er ein song skriven av songar og gitarist Dale Hawkins i 1957. Singelen hans nådde 27. plass på den amerikanske poplista smae året.[1] Han skreiv songen med gitarist James Burton, men då songen kom ut vart Stan Lewis, eigaren av Jewel/Paula Records og Eleanor Broadwater, kona til radioverten Gene Nobles, òg tilskriven som medlåtskrivarar sidan dette gav dei inntekter frå singelsalet.[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon A-side, B-side ...
Remove ads

Andre utgåver

Mange andre artistar har spelt songen (ofte kalla «Suzie Q», «Suzy Q» eller «Suzi Q»). Den mest kjende utgåva er truleg av Creedence Clearwater Revivaldebtualbumet deira frå 1968. Versjonen deira er 8:37 minuttar lang og på singelen vart han delt i to og plassert på begge sider av plata. Gitarriffet som John Fogerty spelar under den andre gitarsoloen er frå Howlin' Wolf sin «Smokestack Lightning».

I 1963 spelte bluesrockgitaristen Lonnie Mack inn ei utgåve av songen, som ein instrumental. Han gav han både ut som singel og på debutalbumet The Wham of that Memphis Man.

Gene Vincent spelte songen i 1964 på albumet Shakin' up A Storm

The Rolling Stones gjorde ei utgåve av songen på albumet deira 12 X 5 i 1964, og på The Rolling Stones No. 2 som kom i 1965.

Andre artistar som har spelt songen er The Everly Brothers, Linda McCartney, Johnny Rivers, Gene Summers og The Velvet Underground.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads