Linda McCartney
amerikansk fotograf og songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Linda Louise McCartney, Lady McCartney (fødd 24. september 1941 som Eastman, daud 17. april 1998) var ein amerikansk musikar, fotograf, og dyrevernsaktivist. Ho var gift med Paul McCartney frå The Beatles. McCartney var profesjoell fotograf og tok mange bilete av kjendisar og musikarar. Bileta henna vart publiserte i boka Linda McCartney's Sixties: Portrait of an Era i 1992.[1]
Linda gifta seg med McCartney i 1969 i Marylebone festekontor i London og vart sidan velsigna i St John's Wood Church.[2][3] Dottera hennar, Heather Louise, frå det første ekteskapet med Melville See, vart adoptert av Paul McCartney. I lag hadde McCartney-paret tre andre barn, mellom desse moteskaparen Stella McCartney.
Etter The Beatles vart oppløyst i 1970, skipa Paul og Linda bandet Wings i 1971. Ho fortsette å turnere med bandet til ektemannen etter Wings vart oppløyst i 1981 og fram til The New World Tour i 1993.
McCartney var oppteken av dyrerettar og publiserte fleire vegetariske kokebøker. Ho skipa òg vegetarmatføretaket Linda McCartney Foods med ektemannen.
I 1995 fekk ho diagnosen brystkreft og døydde av sjukdommen i 1998, 56 år gammal.
Remove ads
Diskografi
Wings
- For meir om dette emnet, sjå Paul McCartney and Wings.
Soloalbum
- Wide Prairie (1998)
Solosinglar
Paul og Linda McCartney
- Ram (1971)
Studioarbeid
- Paul McCartney – McCartney (1970)
- Denny Laine – Holly Days (1977)
- Denny Laine – Japanese Tears (1980)
- Paul McCartney – McCartney II (1980)
- Paul McCartney – Tug of War (1982)
- Paul McCartney – Pipes of Peace (1983)
- Paul McCartney – Give My Regards to Broad Street (1984)
- Paul McCartney – Press to Play (1986)
- Paul McCartney – Flowers in the Dirt (1989)
- Paul McCartney – Off the Ground (1993)
- Paul McCartney – Flaming Pie (1997)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads