Sven Nylander
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sven Olof Nylander (fødd 1. januar 1962) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Varberg som spesialiserte seg på 400 meter hekk. Han vann to sølvmedaljar og ein bronse i øvinga ved dei tre europameisterskapane i perioden 1986-94. Nylander sin livsrekord på langhekken er 47,98 sekundar, oppnådd i OL-finalen 1996 i Atlanta.
Remove ads
Aktiv
Nylander vart svensk meister på 110 meter hekk allereie 17 år gammal, ein prestasjon han gjentok fire år seinare. Internasjonalt satsa han derimot på langhekken, der han i 1982 vart sjuandemann i EM i Aten. Den 4. juni 1983 sette Nylander nordisk rekord då han i Houston vart nordamerikansk studentmeister (NCAA) i 400 m hekk med tida 48,88 sekundar. Vel to månader seinare kom han på fjerdeplass i verdsmeisterskapen i Helsinki, fattige 0,03 sekund bakom bronsevinnaren. Også året etter kom han på fjerdeplass på langhekken då Sommar-OL 1984 fann stad i Los Angeles.
I 1986 tok Nylander bronsemedaljen i 400 m hekk ved EM i Stuttgart. Eitt år etter forbetra han sin nordiske rekord til 48,37 sekundar då han i VM atter vart nummer fire i eit stort meisterskap. I EM-finalen i Split i 1990 kneip Nylander sølvmedaljen med tida 48,43, og fekk fylgje på sigerspallen av landsmannen Niklas Wallenlind som fekk notert 48,52. Fire år seinare flytta Nylander den nordiske rekorden i øvinga til 48,22 sekundar då han i Helsinki tok eitt nytt EM-sølv, hundredelen føre Stéphane Diagana frå Frankrike.
I august 1995 skipa Göteborg by til friidretts-VM. Forventningane om medalje til Nylander steig etter han med 48,53 fekk fjerde beste tid i semifinalane. Han lukkast ikkje å heve prestasjonen i finalen, men vart som femtemann likevel hylla av heimepublikum. Nylander gjorde sitt livs beste langhekkløp i OL-finalen i Atlanta. Sluttida 47,98 sekundar var ny nordisk rekord, men for fjerde gong måtte Nylander ta til takke med ein fjerdeplass, to små hundredels sekund frå bronsemedaljen.
Endå om Nylander høyrde til i verdseliten i 400 meter hekk i så godt som 15 sesongar, vann han berre fire svenske meistertitlar i øvinga; 1982, 1987, 1990 og 1992. Han la opp i 1997.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- EM 1982 i Aten: Nr 7 – 49,64
- VM 1983 i Helsinki: Nr 4 – 49,06, bakom Aleksandr Kharlov (49,03)
- OL 1984 i Los Angeles: Nr 4 – 48,97, bakom Harald Schmid (48,19)
- EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje – 49,38
- VM 1987 i Roma: Nr 4 – 48,37, bakom Harald Schmid (47,48)
- EM 1990 i Split: Sølvmedalje – 48,43, bakom Kriss Akabusi (47,92)
- VM 1991 i Tokyo: Utslått i semifinalane (49,59 =nr 10)
- OL 1992 i Barcelona: Utslått i semifinalane (49,64 =nr 13)
- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i semifinalane (49,21 =nr 9)
- EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje – 48,22, bakom Oleh Tverdokhleb (48,06)
- VM 1995 i Göteborg: Nr 5 – 48,84
- OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 47,98, bakom Calvin Davis (47,96)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sven Nylander» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Sven Nylander» frå Wikipedia på svensk, den 11. juni 2019.
Bakgrunnsstoff
- «Sven Nylander» (på engelsk). olympedia.org. Henta 14. februar 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads