Jurassic Coast

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jurassic Coastmap
Remove ads

50°42′20″N 2°59′23.6″W

Thumb
Gad Cliff til St Alban's Head

Jurassic Coast (Jurakysten) er ein verdsarvstad på kysten av Den engelske kanalen sør i England. Han strekkjer seg frå Orcombe Point nær Exmouth i Aust-Devon til Old Harry Rocks nær Swanage i Aust-Dorset, eit strekke på 153 km.[1] Kysten vart innskriven i 2001 og var den andre naturlege verdsarvstaden i Storbritannia. Ein kan gå langs heile kysten på South West Coast Path.[2]

Remove ads

Geologi

Thumb
Plasseringa i Storbritannia
Thumb
Lyme Bay
Thumb
Jordras nær Lyme Regis
Thumb
Durdle Door
Thumb
Kalkstein frå juratida på Isle of Portland er vunne ut.

Jurassic Coast består av klipper frå trias, juratida og krittida, frå mesozoikum, ein periode på om lag 180 millionar år.

Staden har mange flotte landformer, som den naturlege steinbogen Durdle Door, vika Lulworth Cove og ei øy, Isle of Portland. Chesil Beach er eit fint døme på ein tombolo og ei stormstrand. Kysten har både konkordante og diskonkordante kystlinjer. På grunn av den varierte geologien, har det vorte utført mange internasjonale feltstudiar her. Det var her Mary Anning, ein paleontolog som studerte fossil, oppdaga det første komplette fiskeøgle-fossilet.

Det høgaste punktet på Jurassic Coast og langs heile sørkysten av Storbritannia, er Golden Cap på 191 meter over havet.

Remove ads

Historie

Under den andre verdskrigen vart fleire område langs Jurassic Coast nytta av det britiske forsvaret. Ein av dei største basane til Royal Navy låg ved Portland Harbour, men har sidan vorte lagt ned. Ein stor base for den britiske hæren ved Bovington er framleis i drift.

Delar av kysten, særleg rundt Portland, kan vere farleg og det ligg mange skipsvrak langs kysten.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads