Svati
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Svati er eit bantuspråk i nguni-gruppa som blir tala av swazifolket i Eswatini og Sør-Afrika. Nær ein million menneske i Eswatini og vel ein million i Sør-Afrika talar svati.[2] Språket er nærskyldt med nguni-språka phuthi, zulu, sør-ndebele, nord-ndebele og xhosa.
Remove ads
Bruk
Det blir undervist i svati i skular i Eswatini og i nokre skular i Mpumalanga og KaNgwane-området i Sør-Afrika. Svat er offisielt språk i Eswatini, ved sida av engelsk, og er også eit av elleve offisielle språk i Sør-Afrika. Språkbrukarane kan i stor grad lese og skrive språket.
Dialektar
Svati tala i Eswatini kan delast i tre dialektar: baca, hlubi og phuthi. Standard svati blir hovudsakleg brukt nord i språkområdet, og det er denne dialekten som skal ha størst prestisje.
Fonologi
Konsonantar
Grammatikk
Substantiv
I svati er substantiva samansett av to delar, eit prefiks og ein ordstamme. Ut frå prefiksa kan ein gruppere substantiva i ulike klassar.
1 umu- erstattar um- einstavingsstammar, som t.d. umuntfu (person).
2 s- og t- erstattar si- and ti- framfor stammar som begynner med vokal, som sandla/tandla (hand/hender).
3 N står i prefiksa iN- og tiN- for m, n eller ingen bokstav i det heile
Remove ads
Ord
Nokre døme på ord og setningar:
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads