Swindon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Swindon er ein by i Wiltshire i Sørvest-England. Han ligg halvvegs mellom Bristol, 64 km mot vest, og Reading, 64 km mot aust. London ligg 130 km mot aust. Byen hadde kring 233 400 innbyggjarar i 2021.[1][2]
Swindon vart utpeikt som Expanded Town i 1952 og dette har ført til at folketalet har auka raskt.[3] Swindon jernbanestasjon ligg langs linja frå London Paddington til Bristol. Swindon er ei sameint styresmakt. Innbyggjarane i Swindon vert kalla Swindonians. I Swindon ligg Bodleian bibliotekdepot med 246 km med bokhyller.[4]
Swindon har eit gamalt fotballklubb med ei lang historie, Swindon Town FC. Heimebanen der heiter County Ground. Laget har spela i League Two sidan 2017,[5] og vann jamvel serietittelen 2019-20. Dei flytta ikkje opp til League One på grunn av økonomiske og eigarskapsproblem.
Tidlegare store jernbaneverkstader vart lagt ned i 1980-åra, og Honda-bilverkstaden vart lagt ned i 2021 etter 35 år.[6] Legemiddelprodusentar som kanadiske Patheon, amerikanske Catalent Pharma Solutionsog franske Vygon har dei britiske hovudkontora sine i byen. Swindon husar også hovudkontoret til National Trust og UK Space Agency.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads