Sydney McLaughlin-Levrone
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sydney Michelle McLaughlin-Levrone (fødd 7. august 1999) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Dunellen i New Jersey som vart olympisk meister på 400 meter hekk i 2021 og 2024, og verdsmeister i 2022. Ho har fem gongar forbetra verdsrekorden i øvinga, sist til 50,37 sekund under Sommar-OL 2024 i Paris. I tillegg til hekkemedaljane vann ho VM-gull 2019 og 2022, samt OL-gull 2021 og 2024 i 4 x 400 meter stafett med USA sine mannskap.
Remove ads
Aktiv
Knapt 17 år gammal fekk McLaughlin-Levrone billett til Sommar-OL 2016 etter å ha vorte klokka i mål på tida 54,15 sekund på langhekken. Året etter flytta ho den personlege rekorden til 53,82, deretter tok ho i 2018 steget opp i øvste verdseliten med 52,75 sekund som best. Under VM i friidrett 2019 sprang ho i mål til sølvmedalje på 52,23, slått av landskvinna Dalilah Muhammad som sette verdsrekord med tida 52,16. To dagar seinare deltok dei begge på USA sitt vinnarlag i 4 x 400 m stafett.
27. juni 2021 i Eugene sette McLaughlin-Levrone ny verdsrekord i 400 meter hekk med tida 51,90. Den 4. august forbetra ho rekorden til 51,46 sekund då ho sigra i OL-finalen i Tokyo. Sommaren 2022 forbetra ho verdsrekorden til 51,41 den 25. juni og til 50,68 den 22. juli, begge gongane på friidrettsstadion i Eugene, fyrste gongen i USA-sitt VM-uttak og siste gongen i sjølve VM-finalen. To år seinare forsvarte ho den olympiske meistertittelen på langhekken og flytta verdsrekorden til 50,37 sekund, halvtanna sekund fortare enn sølvvinnaren si tid.
McLaughlin-Levrone sprang startetappen for USA sitt gullmannskap i 4 x 400 m stafett ved Sommar-OL i 2021. Eitt år seinare var ho ankerkvinne for eit elles heilt nytt gullmannskap på den lange stafetten ved VM i Eugene. Under Sommar-OL 2024 fekk ho eit nytt stafett-gull, då sprang den andre etappen for dei USA-amerikanske kvinnene. Hennar personlege rekord på 400 meter frå 2023 er 48,74 sekund.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (56,22= nr 17)
- VM 2019 i Doha: Sølvmedalje på 400 m hekk – 52,23, bak Dalilah Muhammad (52,16). Gullmedalje i 4 x 400 m stafett
- OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje på 400 m hekk – 51,46, framom Dalilah Muhammad (51,58). Gullmedalje i 4 x 400 m stafett
- VM 2022 i Eugene: Gullmedalje på 400 m hekk – 50,68, framom Femke Bol (52,27). Gullmedalje i 4 x 400 m stafett
- OL 2024 i Paris: Gullmedalje på 400 m hekk – 50,37, framom Anna Cockrell (51,87). Gullmedalje i 4 x 400 m stafett
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sydney McLaughlin» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2022.
- «Sydney McLaughlin» (på engelsk). Olympedia. Henta 11. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads