Sylteviklia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Syltevikliamap
Remove ads
Remove ads

62°04′48.9″N 7°01′32.2″E Sylteviklia er ein øydegard ved Geirangerfjorden, i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke.

Om namnet: sjå Syltavik.

Sylteviklia er nemnt i matrikkelen for 1666[1] som sjølvstendig gard. I 1737 vart husa på garden øydelagt, dels av brann og dels av snøfonn. Siste brukaren er nemnt i 1738[1] og etter den tida budde der ikkje folk på garden og han vart brukt saman med Syltavik. I «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[2] (1766) er garden «Sylteviig Lie» oppført som øydegard.

Garden ligg høgt oppe i fjellsida ovanfor Syltavik, om lag 400 moh., med tilkomst via ein lang og bratt gangsti. Jørgen Gjerding[3] sin kommentar: «Ein kan berre undrast på at nokon kunde finne på å busetje seg på ein slik stad».

Remove ads

Referansar

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads