Symfoni nr. 1 av Haydn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Symfoni nr. 1 i D-dur av Joseph Haydn (Hoboken I/1) vart skriven i 1759 i Lukavec.[1] Sjølv om han av Haydn sjølv vart omtalt som den første symfonien hans, er ikkje musikkvitarane sikre på at det faktisk var den første symfonien Haydn skreiv, eller om det til og med var den første av dei symfoniane hans ein har i dag.[2] Ein veit sikkert at Nr. 1 vart skriven i 1759, men H. C. Robbins Landon er ikkje sikker på at verken nr. 2[3] eller Nr. 4[4] (eler begge) kan ha vorte komponerte i 1757 eller 1758.
Symfoni nr. 1 er skriven for to oboar (eller kanskje fløyte), fagott, to valthorn, strykarar og continuo.[5] Som mange av dei tidlegaste symfoniane til Haydn og hans samtidige, er symfonien i tre satsar:
Den første satsen opnar med eit Mannheim-crescendo, som står i kontrast til resten av symfonien, som har ein meir austerriksk karakter.[6]
Den første satsen har fleire passasjar der bratsjar vert nytta med kløkt og er skild frå basslinja.[7]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads