Symfoni nr. 25 av Mozart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Symfoni nr. 25 i G-moll, K. 183/173dB, var skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i oktober 1773,[1] kort tid etter suksessen med hans opera seria Lucio Silla. Han vart visstnok skriven ferdig den 5. oktober, berre to dagar etter at Symfoni nr. 24 var ferdig, men dette er ikkje stadfesta. Symfonien er godt kjend som opningsmusikken til Miloš Forman-filmen Amadeus.

Satsar

Symfonien er lagt ut i standard klassisk form:

  1. Allegro con brio, 4/4 i G-moll
  2. Andante, 2/4 i Ess-dur
  3. Menuett & Trio, 3/4 i G-moll, Trio i G-dur
  4. Allegro, 4/4 i G-moll

Stil og påverknad

Med dei hoppande melodilinjene og livlege musikalske tema, er denne symfonien karakteristisk for Sturm und Drang-stilen. Han deler visse trekk med andre Sturm und Drang-symfoniar frå denne tida, og er truleg inspirert av Joseph Haydn sin Symfoni nr. 39, som òg er i G-moll.[2]

Mannheim-opninga (ein stigande sekvens spelt i arpeggio) vart sitert av Beethoven i hans første pianosonate som hovudtemaet i den første satsen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads