Symfoni nr. 8 av Haydn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Symfoni nr. 8 i G-dur av Joseph Haydn vart komponert medan han var tilsett hos prins Esterházy i 1761, i overgangen mellom barokken og wienerklassisismen. Det er den tredje av tre symfoniar, som vert rekna som ein trilogi, Le matin (No 6.), Le midi (No 7) og Le soir (No. 8).

Kjappe fakta Sjanger, Periode ...
Remove ads

Instrumentering

Instrumenteringar som er nytta i Symfoni nr. 8 er særs lik concerto grosso-stilen frå barokken, der ei lita gruppe soloinstrument vart sett opp mot eit større ensemble. I Symfoni nr. 8 består dei mindre gruppene av solofiolonsell og to solofiolinar og det store ensemblet består av to oboar, ei fløyte, to horn, strykarar, fagott og cembalo. Måten Haydn nyttar fagott og cembalo på liknar basso continuoen som vart nytta særs mykje gjennom barokken, men er ikkje like konstant drivande.

Remove ads

Satsar

Denne symfonien har dei fire satsane som er vanlege for ein klassisk symfoni (i G-dur bortsett frå der anna er nemnd):

  1. Allegro molto, 3/8
  2. Andante i C-dur, 2/4
  3. Menuetto & Trio, 3/4
  4. La tempesta: Presto, 6/8

Den første satsen er ein gige i sonateform og siterer ein melodi frå ein song i operaen Le diable à quatre av Gluck kalla «Je n’aimais pas le tabac beaucoup» (Eg likte ikkje tobakk så godt).[1][2]. Den siste satsen, som òg er i sonateform, vert kalla La tempesta, og skulle framkalle kjensla av eit torevêr.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads