Syrin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Syrin
Remove ads

Syrin (Syringa vulgaris) er ein stor, lauvfellande busk eller eit lite tre, kjend for dei sterkt luktande blomstrane som også kan etast. Planten kjem opphavleg frå Balkanhalvøya, men er vorte ein vanleg hageplante som no også veks vilt over store delar av Europa og Nord-Amerika.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Vekstforma til syrin er opprett med grove greiner og ganske få sidegreiner. Borken er først glatt og grågrøn. Seinare vert han grå. Nye skot er rette med motsette eggforma knoppar. Endeknoppen manglar ofte slik at skotet sluttar med to knoppar. Blada er ovale til hjarteforma, litt læraktige og glatte. Oversida er friskt grøn, medan undersida er lysegrøn. Syrin blomstrar i mai og juni. Blomstrane er samla i store klasar. Dei er lilla eller kvite og har sterk lukt. Fruktene er brune, avlange kapslar. Frøa vert ikkje skikkeleg mogne i Noreg.

Rotnettet består av fleire djuptgåande hovudrøter med eit tett greina filter av siderøter og tæger. Syrin set rotskot. Planten toler vind og litt skugge, er nøysam og kan brukast sjølv på mager sandjord.

Vanleg syrin høyrer heime på Balkan der han dannar kratt på porøs, lett og kalkrik jord. Planten finst særleg i lyse eikeblandingsskogar.

Det er mange artar i slekta Syringa.

Remove ads

I Noreg

I Noreg har syrin truleg vore dyrka frå 1600-talet.[1] Syrin er altså ein tradisjonell hageplante som tidlegare derfor ikkje har vore risikovurdert som framandart.[2] Det syner seg at syrin truleg ikkje har etablert seg i norsk natur før på 1870-talet, og etter dei gjeldande reglane skal arten derfor risikovurderast som ein framandart. I den førebels utgåva av Framandartslista 2023 er syrin rekna til å ha svært høg risiko (SE), med den høgast moglege vurderinga både for invasjonspotensial og økologisk effekt. Syrin er derfor å rekne som ein av «verstingane» som framandart i norsk natur.[3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads