Sævik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sævik eller Sævig er ei bygd i Namsos kommune i Trøndelag. Ho ligg omtrent midtvegs mellom Klinga og Spillum, langs Fylkesveg 17. Namsos ligg rndt 5 km nord for Sævik, på andre sida av Namsen.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Historie

Sævik har lang historie som eit eige sokn med ei kyrkje. På 1500-talet var Sævig nedteikna som del av Fosnes prestegjeld. Frå 1820 var det del av Overhalla prestegjeld (ikkje det same som Overhalla kommune).

I 1859 blei Namsos eit eige sokn. Sævik sokn blei delt i to,slik at den nordlege delen (Vemundvik) blei verande med Overhalla, medan Sævik blei verande eit mindre sokn.[1]

I 1866 blei det bygd ei ny kyrkje på Klinga, rundt 2,7 km sør for Sævik, og den gamle kyrkja der blei riven.[2] I mai 1885 endra soknet namn frå Sævig til Klingen, etter staden kyrkja stod.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads