Tafjord

bygd i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Tafjord
Remove ads

Tafjord er ei bygd i Fjord kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke.

Thumb
Zakariasdammen oppe i dalen er sentral i Tafjord krafts anlegg.
For fjorden, sjå Tafjorden.
Kjappe fakta Land ...

Tafjord er særleg kjend for Tafjord-ulukka, ei rasulukke den 7. april 1934 der 40 menneske mista livet.

Kraftselskapet Tafjord Kraft har store vasskraftverk i området. Tafjord har gjeve namn til Tafjordfjella som strekker seg frå Tafjorden til Rauma og Skjåk. Det er særleg nedbørsfelta i Tafjordfjella og fallhøgdene i Tafjordvassdraget som blir utnytta i kraftverka.

Tafjorden er namnet på sjølve fjordarma som endar i strandstaden Tafjord. Til Tafjordbygda høyrer også dalføret oppover med Rødalen og Kaldhussæterdalen. Dei mest fjerntliggande gardane oppover i dalføra hadde buder ved sjøen, i «Fundergata», i budene kunne dei og overnatte. Tafjorden høyrde tidlegare til Dale kyrkje og kyrkjekleda hang gjerne i budene.[1] Tilsvarande buder hadde bøndene oppe i Valldalen på Sylte.

I 1911 skreiv Amund Helland om Tafjorddalføret: «Dalen og elven er meget brat, hvorfor veien gjør 4 slyng og stiger videre oppover dalen. Veien stiger på hele strækningen fra sjøen til Onilsvatn temmelig stærkt, næsten uafbrudt med stigning 1:12.»[2] Frå Heimste Rødal til Øvre Rødal var det på denne tida berre rideveg, oppover Kallhusdalen til Kaldhussæter var også berre rideveg i 1911.

I Tafjorden var det i siste halvdel av 1800-talet forsøk med gruvedrift for utvinning av jern og titanjern.[3] Ei av gruvene går 20 meter inn i berget 200-400 høgdemeter ovanfor strandstaden Tafjord. Den delen av anlegget som låge nede ved fjorden vart rasert i Tafjord-ulukka i 1934.[4]

4. april 2013 vart campingplassen i Tafjord råka av eit steinras. Fleire campingvogner vart totaltskadd, men sidan campingplassen var vinterstengd, vart ingen personar skadde.[5]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads