Take Me as I Am
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Take Me as I Am» (norsk omsetjing: ta meg som eg er) er ein song frå 2020 som vert framført av den georgiske songaren Tornike Kipiani. Songen skulle vore det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland,[1] men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[2]
Remove ads
Om songen
Etter å ha vunne den georgiske versjonen av Idol, vart Kipiani vald til å representere Georgia i Eurovision Song Contest 2020. Songen var internt vald av Georgias offentlege kringkasting. Ein liten del av songen vart offentleggjord 2. mars 2020, medan songen i sin heilskap vart sloppen dagen etter.[3][4][5] Musikkvideoen til songen vart regissert av Temo Kvirkvelia.[6]
«Take Me as I Am» vart skriven av Kipiani sjølv, medan Aleko Berdzenishvili produserte den. Artisten sjølv skildra låten som ein «blanding av rock, dubstep og elektronika».[1][3]
Teksta handlar om presset eg-personen følar ved å samanlikna seg med andre nasjonalitetar. Han vert beden om å «snakka som ein engelskmann», «kle seg som ein italienar», «dansa som ein spanjol», «lukte som eit fransk homme» og «spele som ein tyskar». Trass presset, er eg-personen fast bestemd på å bli verande tru mot seg sjølv og at folk skal ta han som han er, i tråd med tittelen på songen. Songteksta er engelsk, men har òg frasen «eg elskar deg» på ulike europeiske språk.[6]
I januar 2020 vart Georgia trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 14. mai.[7] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[8] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads