Tales from Topographic Oceans
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tales from Topographic Oceans er det sjette studioalbumet frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i desember 1973 i Europa og i januar 1974 i USA. Det er eit konseptalbum basert på fotnotane frå dei shastriske skriftene i Paramahansa Yogananda-boka Autobiography of a Yogi. Det er hovudsakleg Jon Anderson og Steve Howe som står for tekstane, som dei skreiv i løpet av Close to the Edge-turneen.
Albumet kom på sjetteplass på Billboard 200 i USA, toppen av UK Albums Chart i Storbritannia[7] og på åttandeplass på VG-lista topp 40 i Noreg.[8]
Remove ads
Bakgrunn
Dette er det mest omdiskuterte albumet til Yes, då både kritikarar og publikum var særs delte i synspunkta på det. Det verkar som dei fleste meiner det har sine lyspunkt, men er for overdrive og pompøst. Atter andre meiner det er eit komplett meisterverk. Trass i hovudsakleg negativ omtale i pressen, selde albumet til gull på rekordtid i både Storbritannia og i USA.
Rick Wakeman var av dei som ikkje likte retninga bandet hadde teke, og slutta etter den påfølgjande turneen. Han var av den oppfatninga at det var mykje god musikk, men alt for mykje «dødtid» og musikalske «flisespikkeri». Sjølv om albumet vart varierande og ofte negativt omtalt, har bandet gjennom åra stadig vekk funne plass til minst ein komposisjon frå dette albumet på konsertane sine.
Utgjevinga frå 2003 har ei lengd på 83:42 minutt, mot 81:15 på originalutgjevinga. På originalutgjevinga klipte ein ned introen til «The Revealing Science of God», men denne vart lagt inn att på 2003-utgjevinga slik at låten no framstår i si heile og fulle lengd.
Remove ads
Innhald
All musikk komponert av Anderson/Howe/Squire/White/Wakeman
Remove ads
2003-utgåva
Medverkande
- Jon Anderson – vokal
- Chris Squire – bass, vokal
- Steve Howe – gitarer, vokal
- Rick Wakeman – keyboard
- Alan White – trommer, perkusjon
Ny-utgjevingar
- 1988 – Atlantic – CD
- 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
- 2001 – Japansk Limited Edition
- 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads