Tannourine
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tannourine (òg kalla Tannoureen eller Tannorine, på arabisk تنورين) er ein landsby i Libanon i Batroun distrikt i Nord guvernement, 75 km frå hovudstaden Beirut.
Remove ads
Etymologi
Tannourine er fleirtal av det assyriske ordet tannour. Ein tannour er ein gammal steinomn nytta i antikken. Dei første busetjarane her bygde fleire slike steinomnar i Tannourine-Al-Fawqa, og busette seg seinare ned dalen i Tannourine-Al-Tahta, der det var lettare å drive jordbruk i det meir frodige landskapet.


Klima
Tannourine sederreservat
Landsbyen deler òg namn med ein sederskog med kring 60 000 tre, og er den nest største sederskogen i Libanon. Landskapet ligg oppom den historiske dalen Ain-Al-Raha og ideellt for sedervekst. Sedertreka ligg langs vegen som går nordover til Hadath al-Jebbeh.
Landsbyen
Landsbyen Balaa er kjend for dei djupe, naturlege slukhola. Eit slukhol er 250 meter djupt. Tre naturlege bogar utgjer ein del av landskapet her. Om våren smeltar snøen og dannar den 90 meter høge Baatarafossen.
Tannourine er kjend for fleire eldgamle maronittiske kloster, som St. Shallitah og St. Antonios Houb, sistnemnde i landsbyen Wata Houb.
Mellom klippene i Tannourine-Al-Tahta ligg eit 500 år gammalt libanesisk hus, som ein meiner kan vere det tidlegaste døme på libanesisk arkitektur. Det same huset har vore avbilda på framsida av National Geographic. I huset budde den eldste dålevande mannen i Libanon, som i 2008 visstnok var 109 år gammal. Han vart kalla Massoud.
Remove ads
Arkeologiske funn
Det er gjort mange arkeolgoiske funn frå romartida og frametter i Tannourine.
I dalen Tannourine-Al-Tahta ligg ein nesten intakt romersk akvedukt og eit forfalle reservaor og romersk cisterne. Det syner at det har vore folk i dalen sidan minst det første hundreåret evt.
Høgare opp i fjella i den no fråflytta landsbyen Ain-Al-Raha, ligg fleire kyrkjer frå 700-talet og kyrkjer bygd av i krossfarartida, som mange forskarar trur kan vere dei tidlegaste bevisa på kristendom i øvre Levanten.
Ovanom det tidlegare nemnte gamle libanesiske huset, ligg eit fråflytta kloster i ei grotte i fjellsida.
Remove ads
Kjende folk
- Julio Cesar Turbay - tidlegare president i Colombia 1978-1982.
- Boutros Harb - paralementsmedlem og tidlegare arbeids- og utdanningsminister
- Claude Comair - medgrunnleggjar av Nintendo Software Technology
- Thomas Wiennett (Tarabay) - kokk busett i Chicago som er kjend for å ha skapt iskremen Viennetta for Unilever og sjokoladen Kit Kat for Rowntree's og Nestlé.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads