Tartus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tartus (arabisk طرطوس, Ṭarṭūs; òg skrive Tartous) er ein by ved kysten av Middelhavet i Syria. Tartus er den nest største hamnebyen i Syria (etter Lattakia), og den største byen i Tartus guvernement. Han hadde 115 769 innbyggjarar i 2004.[2] Om sommaren dreg mange syrarar her på ferie. Det finst mange ferieanlegg i regionen.
Remove ads
Historie
Fønikisk Antaradus
- For meir om dette emnet, sjå Arwad.
Historia til Tartus går attende til 1000-talet fvt, då han vart grunnlagd som ein fønikisk koloni under Aradus.[3] Kolonien vart kalla Antaradus (frå gresk «Anti-Arados → Antarados», Anti-Aradus, som tyder «Byen som vender mot Arwad»). Ikkje mykje er att av den fønikisk Antaradus. Busetnaden var knytt til den viktigare og større busetnaden Aradus, utanfor kysten av Tartus, og den nærliggande staden Amrit.[4]
Gresk-romersk og bysantinsk tid
Byen vart kalla Antaradus på latin og var ein av keisar Konstantin sine favorittstader for dyrkinga av Jomfru Maria. Det første kapellet som vart tileigna Jomfru Maria er sagt å ha blitt bygd her på 200-talet.
Muslimsk tid
Det muslimske styret i Syria blei innført i 634. I åra før hadde arabiske handelsfolk spreidd læra om islam, og ein del lokale hadde konvertert til den nye religionen, medan andre fortsette å følgja dei tradisjonelle skikkane sine. Under den arabiske erobringa av Levanten erobra styrkar frå kalifatet under Ubadah ibn al-Samit Tartus i 636.[5] Medan Ubadah var i Tartus kom Mu'awiya I til byen og skipa eit amsar-kompleks i byen.[6] Tartus husa Khadijah, kona til profeten Muhammed, då ho kom til området med faren sin Khuwaylid ibn Asad.[7]
Krosstoga

Krossfararar kalla byen Antartus og Tortosa. Han vart først erobra av krossfarar i 1099, under Det fyrste krosstoget.[8] Etter å ha vorte gjenerobra av muslimar, vart han teken att i 1102 av Raymond av Saint-Gilles. I 1105 vart han gjeven til sonen Alfonso Jordan og vart då kalla Tortosa. I 1123 bygde krossfararane den delvis befesta Vår frue av Tortosa-katedralen over ei bysantinsk kyrkje som var populære blant pilegrimar. Katedralen vart nytta som moské etter at muslimane tok byen attende, og så som forlegning for osmanarane. Ho vart renovert under franskmennene og er i dag eit bymuseum med antikvitetar frå Amrit og mange andre stader i regionen. Nur ad-Din Zangi tok Tartus attende frå krossfararane ei kort stund før han vart tapt igjen.
I 1152 vart Tortosa gjeven til tempelriddarane, som nytta han som militært hovudkvarter. Dei reiste fleire store byggverk, som ei borg med eit stort kapell og eit utførleg borgtårn, omgjeve av tjukke, doble, konsentriske murar.[9] Tempelriddarane hadde som mål å verne byen og landområdet rundt, som hadde blitt okkupert av kristne nybyggjarar, frå muslimske åtak. Byen Tortosa vart gjenerobra av Saladin i 1188, og hovudkvarteret til Tempelriddarane vart flytta til Kypros. I Tortosa klarte likevel nokre tempelriddarar å trekkje seg attende til borgtårnet, som dei heldt fram å nytte som basen sin for dei neste 100 åra. Dei bygde stadig fleire festningsverk kring tårnet, fram til det òg fall, i 1291. Tortosa var den siste utposten til tempelriddarane på det syriske fastlandet, etter at dei trekte seg attende til ein garnison på den nærliggande øya Arwad, der dei heldt ut eit tiår til.[10]
Remove ads
Geografi og klima
Byen ligg på austkysten av Middelhavet ved grensa til Alawittarfjella i aust. Arwad, den einaste busette øya langs den syriske kysten, ligg nokre få kilometer utanfor Tartus.
Tartus dekkjer dei fleste lågtliggande områda og er omgjeve i aust av fjell som hovudsakleg består av kalkstein, og kring somme stader, som ved byen Sawda, basalt.
Klima
Byen har middelhavsklima med korte vintermånader og moderate temperaturar frå april til oktober. Åsane aust for byen er med på å gje Tartus ein del nedbør. Fukta om sommaren kan nå 80 %.[11]
Remove ads
Økonomi, samferdsle og marinebase

Tartus er eit viktig handelssenter i Syria og har ein av dei to hovudhamnene til landet ved Middelhavet. Hamna vert utvida sidan mange importvarer som vert nytta til gjenoppbygginga av Irak går gjennom hamna.
Tartus er ein populær turistdestinasjon. Byen har gode sandstrender og fleire ferieanlegg. Det vart gjort store investeringar i byen i åra før borgarkrigen braut ut.
Tartus har eit velutvikla nettverk av vegar og motorvegar. Chemins de Fer Syriens driv jernbanenettverk som knyter Tartus til storbyane i Syria, sjølv om berre Latakia-Tartus-ruta er i drift i dag.
Russisk marinebase
Ein marinebase frå sovjettida ligg i Tartus. Denne kom til i 1971 etter ein avtale med Syria og var bemanna av russisk marinepersonell fram til 2025, etter at Assad-regimet fall. Tartus var den siste russiske militærbasen utanfor Sovjetunionen, og den einaste ved Middelhavet, noko som gjorde at russiske marinefartøy ikkje trong å dra attende til basane i Svartehavet for å fylle drivstoff og forsyningar, og slapp å dra gjennom Bosporossundet i Tyrkia, som er NATO-medlem.[13]
I januar 2025 sa dei nye leiarane av Syria opp avtalen med Russland om å tillata russisk militært nærvære i landet, og enda kontrakten med Stroytransgaz om å driva dei kommersielle delane av hamna i Tartus. Den russiske marinen trekte seg heilt ut frå basen i mars 2025.[14]
Hovudattraksjonar

Det historiske senteret i Tartus består av meir nylege bygningar bygd på og innanfor bymurane til festninga bygd av Tempelriddarane under krosstoga. Vollgrava skil framleis gamlebyen frå den moderne byen på nord- og austsida. Utanfor festninga er det lite att frå historia, utanom den katedralen Vår frue av Tartus frå 1100-talet. Kyrkja er i dag eit museum. Den tidlegare presidenten Hafez Assad og den hovudsakleg islamske administrasjonen hans lovde å gje staden attende til dei kristne som eit symbol på den djupe kristendomen i Syria, men han døydde før denne lovnaden vart utført. Sonen hans, president Bashar Assad, hevda han ville fullføre lovnaden til faren.
Det finst mange arkeologiske funn i Tartus og det omliggande området, som:
- Gamlebyen i Tartus.
- Marqab-borga, nord for byen.
- Den historiske byen Safita.
- Øya Arwad og borga der.
- Den gamle katedralen Vår frue av Tortosa, no eit bymusem.
- Beit el-Baik-palasset.
- Hosn Suleiman-tempelet.
- Feriestaden Mashta Al Helou.
- Byen Drekish.
Byen Al Hamidiyah ligg like sør for Tartus og er kjend for å ha ein gresktalande folkesetnad på kring 3 000 som er muslimar. Ætta deira flytta der seint på 1800-talet frå Kreta.[15]
Remove ads
Kjende folk
- Saadallah Wannous (1941–1997), dramatikar og den første arabaren som talte ved International Theatre Day.
- Sjeik Saleh Al-Ali, ein syrisk revolusjonær som kjempa mot det franske mandatet.
- Dr. Halim Barakat, romanforfattar og sosiolog.[16]
- Jamal Suliman, skodespelar
- George Wassouf, popstjerne
- Ghassan Masoud, skodespelar
- Taim Hasan, skodespelar
- Giana Eid, skodespelar
- Qussai Al-Khaoli, skodespelar
- Rami Derbas, økonom ved Tishreen universitet.
- Rana Jammoul, skodespelar
- Nashwa Taher, arabisk språkforskar ved George Washington University.
- Faeza Daud, forfattar og forskar på syrisk mytologi
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads