Tavle-Jakob
norsk målar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jakob Sørensson Giskegaard[1] (12. oktober 1734–3. juli 1827), betre kjend som Tavle-Jakob, var ein norsk biletkunstnar og treskjerar frå Giske på Sunnmøre.[2]
Tavle-Jakob var fødd på eit leiglendingsbruk under storgarden Giske. 22 år gamal fekk han i oppgåve å lage ny altartavle i Giske kyrkje. Han mangla reiskapar til å skjere i tre, og tok difor i bruk nokre ljåspissar som han omforma til knivar.
Etter han gifta seg i 1766 dreiv han eit bruk på garden Klokkarsund i Borgund. Kring 1778 måtte han gå frå garden. Han budde så fram til 1781 på Alnes i Giske, der kona var i frå. I 1782 budde han i Steinvågen, nær sentrum i den seinare byen Ålesund. Ved folketelijinga 1801 budde han på garden Giske att, der to av sønene var i ferd med å slå seg ned som leiglendingsbønder. Jakob flytta noko etter til garden Roald på øya Vigra, der han fekk seg eit lite stykke jord.
Forutan å ha stått for mykje av interiøret i Giske kyrkje, skar han fem altertavler til fem kyrkjer på Sunnmøre, attåt ei i Romsdal. Han stod bak altertavler til Vigra kyrkje, Vatne kyrkje, Skodje kyrkje og Sandøy kyrkje.[2] Den siste tavla gjorde han seg ferdig med då han var over 80 år gamal. Ved sidan av desse lagde Tavle-Jakob også ei rekkje epitafium, almissebøsser og lause figurar.[3]
Tavle-Jakob døydde som fattiglem på Roald i 1827.
Remove ads
Kjelder
- Oddgeir Bruaset: Arven: ei vandring i sunnmørsk kulturhistorie del II, s. 36 – Skyline, 2008. ISBN 978-82-91385-48-8.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads