Oddgeir Bruaset

norsk journalist From Wikipedia, the free encyclopedia

Oddgeir Bruaset
Remove ads

Oddgeir Bruaset (fødd 10. desember 1944 i Måndalen i Rauma) er ein norsk journalist, forfattar og programleiar, busett på Sunnmøre. Han er kjend frå seriar på NRK.[1]

Han er utdanna lærar frå Volda lærarskule, og har studert ved Universitetet i Bergen. Han arbeidde eit par år som lærar i Volda, før han i 1971 kom til NRK Møre og Romsdal (Ålesund), og der vart han verande heilt til han i 2014 gjekk av med pensjon. Dei første åra arbeidde Bruaset mest i radioen, men i 1982 vart han tilsett i ei nyoppretta fjernsynsstilling. Sidan har han arbeidd med å lage TV-program, mange med kulturhistorisk tilknyting. Mest kjend har han vorte for serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu (2001–2014). Han er også ein mykje brukt foredragshaldar.

Remove ads

Utgjevingar

  • I tråd med tida (Rauma Ullvarefabrikk, 2002).
  • Folket langs Storfjorden (Samlaget, 1991).
  • Orkanen (Samlaget, 1992). Om nyttårsorkanen.
  • Lagnader langs fjorden (Samlaget, 1994). Busetnad ved Storfjorden sidan 1600-talet.
  • Jostedalsbreen (Samlaget, 1996). Fotografi av Terje Ringen.
  • Romsdal - folket og landskapet (Samlaget, 1997).
  • Fargerike romsdalingar (Samlaget, 1998)
  • Brød og kaker gjennom 100 år (Baker Kjersem, 1998).
  • Sunnmøre og sunnmøringen (Samlaget, 1999). Fotografi av Johannes Jensås.
  • Geiranger - juvel i fjordlandet (2001). Fotografi av Arne Aasheim.
  • Nådelaust liv i gåvmilde Hardanger (Genesis forlag, 2001).
  • Det var midt i julenatt (2001). Om opphavet til fjorten julesongar, lese av Ella Gyri Groven.
  • I tråd med tida (Rauma Ullvarefabrikk, 2002).
  • Eg bur oppå ein plass - i Sogn (Genesis forlag, 2003).
  • Folket langs Storfjorden II (Genesis forlag, 2004). Fotografi av Per Eide.
  • Skap og skapertrang (Grande Trevare, 2004).
  • Der ingen skulle tru at nokon kunne bu (Genesis forlag, 2005). Bygd på TV-serien med same namn. Fotografi av Tor Sivertstøl.
  • På fjellhylle og havstrand (Genesis forlag, 2006). Om gardar i Nordfjord. Fotografi av Tor Sivertstøl.
  • Arven I (2007). Fotografi av Oddbjørn Monsen.
  • Arven II (2007). Fotografi av Oddbjørn Monsen.
  • Det lyser i stille grender, Genesis forlag, 2009, ISBN 9788247603567
  • Der ingen skulle tru at nokon kunne bu II (NRK Aktivum/Aschehoug, 2009). Bygd på TV-serien med same namn. Fotografi av Tor Sivertstøl.
  • Hardanger. Gåvmildt og nådelaust (Genesis forlag, 2010). Fotografi av Tor Sivertstøl.
  • Det veglause folket – i Rogaland (Genesis forlag, 2011).
  • Der ingen skulle tru at nokon kunne bu III (Aschehoug, 2012). Bygd på TV-serien med same namn. Fotografi av Tor Sivertstøl.
  • Der ingen skulle tru at nokon kunne bu IV (Cappelen Damm, 2014). Bygd på TV-serien med same namn. Fotografi av Tor Sivertstøl.
  • Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu (Vigmostad & Bjørke, 2015). Om juletretradisjonar og julefeiring på avsidesliggjande stader.
  • Folket langs fjorden (Genesis forlag, 2016). Fotografi av Per Eide.
  • Orkanen - 25 år etter (Det Norske Samlaget, 2016).
  • Du grøne, glitrande - ei hyllest til juletreet (Vigmostad & Bjørke, 2017) Juletreet gjennom 500 år.
  • Sidan hausten 2014 har juleheftet Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu (Vigmostad & Bjørke) komme ut.
Remove ads

Prisar og utmerkingar

Remove ads

Kjelder

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads