Tawakkul Karman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tawakel Karman[1] (fødd 7. februar 1979) er ein jemenittisk politikar som blei tildelt Nobels fredspris i 2011. Karman er menneskerettsaktivist og eit medlem av opposisjonspartiet Al-Islah. Ho er leiar av gruppa «Kvinnelege journalister utan lenker» som ho oppretta i 2005.
Remove ads
Arbeid for demokrati og menneskerettar
Tawakul Karman starta menneskerettsgruppa «Kvinnelege journalistar utan lenker» (WJWC) i 2005 for å fremje menneskerettar, «særleg fridom til meinings-og ytringsfridom og demokratiske rettar». Karman sa at ho har fått «truslar og freistingar» frå styresmakter ved telefon og brev på grunn av at ho nekta å godta Informasjonsdepartementet si avvisning av WJWC sin søknad om å lovleg skape ein avis og en radiostasjon. Frå 2007 til 2010 har Karman regelmessig leia demonstrasjonar og sitt ned-aksjonar på Fridomsplassen i Sana.
I 2011, under «den arabiske våren», organiserte Karman studentdemonstrasjonar mot styret i landet. Ho blei arrestert i januar og mars det året, men sleppt fri att og fortsette å halda protestar.
Karman har også engasjert seg mot barneekteskap og for å heva den seksuelle lågalderen i Jemen.
Remove ads
Bakgrunn
Karman vart fødd i byen Taiz sør i Jemen som dotter av Abdel Salam Karman, ein politikar og juridisk ekspert. Ho er gift med Mohammed og har tre born.
Bakgrunnsstoff
- Program om Tawakkul Karman ved aljazeera.net
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads