Tea for the Tillerman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tea for the Tillerman er det fjerde studioalbumet til den engelske songar-låtskrivaren Cat Stevens, gjeve ut i november 1970.
Remove ads
Oversikt
Det var det andre album til Steven i løpet av 1970 og det inneheld mange av dei mest kjende songane hans som «Where Do the Children Play?», «Hard Headed Woman», «Wild World», «Sad Lisa», «Into White», og «Father and Son».
Stevens, som tidlegare var kunststudent, laga framsida på plateomslaget sjølv.
Med «Wild World» som ein førehandssingel, vart dette det store gjennombrotsalbumet til Stevens verda over, og det gjekk inn på topp 10 i USA.
I november 2008 vart det gitt ut ei ei «luksusutgåve» med ei andre plate med demoar og konsertopptak. I januar 2012 vart ein høgopplausleg 24/192 kHz-versjon nymastra med ein Ampex ATR100 og ein MSB Technology Studio ADC, gitt ut på Hdtracks.com.[1]
Femti år etter utgjevinga, i september 2020, gav Stevens ut albumet Tea for the Tillerman2, med nye tekstar og ny instrumentering, og han syng saman med sitt 22 år gamle eg i «Father and Son».[2]
Remove ads
Mottaking
I ei samtidsmelding i The Village Voice meinte musikkritikaren Robert Christgau at musikken var monoton og mangla den «tørre delikatessa» Stevens viste på Mona Bone Jakon (1970).[6] Rolling Stone-kritikaren Ben Gerson sa at songane til Stevens uanstrengt gir gjenklang utover dei kunstnarisk enkle tekstane og knaggane deira, trass i hans tidvise overforbruk av dynamikk «for dramatisk effekt».[7]
I ei retrospektiv femstjerners melding rosa AllMusic-skribenten William Ruhlmann Stevens sine tema om spiritualitet og transcendens, og meinte at han hadde halde fram med å visa evnene sine som popmelodikar: «Som eit resultat vart Tea for the Tillerman ein storseljar, og for andre gongen på fire år vart skaparen ei popstjerne.»[8] 18. november 2003 inkluderte Rolling Stone dette albumet i lista over dei 500 beste albuma gjennom tidene, på 206. plass,[9] og plasserte det på nummer 208 i ei revidert liste frå 2012,[10] og 205. plassen den siste lista publisert i 2020. I 2006 vart albumet inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[11] I 2007 vart albumet inkludert i lista over «The Definitive 200 Albums of All Time», gjeve ut av The National Association of Recording Merchandisers og Rock and Roll Hall of Fame.[12] Albumet vart plassert på 342. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.[13]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Cat Stevens
Luksusutgåve
Plate ein
Originalalbumet.
Plate to
Alle spor skrivne av Cat Stevens
Nyinnspeling
28. mai 2020 annonserte Yusuf at det nye albumet hans, Tea for the Tillerman2, som kom ut 18. september 2020. Tea for the Tillerman2 er ei gjenskaping av «dei same elleve songane for ein ny alder med dramatisk resultat», og feirar 50-årsjubileet til Tea for the Tillerman.
Medverkande
- Cat Stevens – klassisk gitar, akustisk gitar, klaverinstrument, solovokal
- Alun Davies – akustisk gitar, korvokal
- Harvey Burns – trommer, conga, tamburin
- John Ryan – kontrabass
- Del Newman – strykararrangement
- Jack Rothstein (som John Rostein) – solofiolin
Salslister
Remove ads
Salstrofé
Remove ads
I popkulturen
Det avsluttande tittelsporet til den britiske situasjonskomedien Extras er «Tea for the Tillerman».
Opningsscena til ein episode av The Simpsons frå 2014 med tittelen «Super Franchise Me» parodierte coveret til dette albumet, med tittelsporet spelt over det.[31]
Ein tidlegare upublisert versjon av «But I Might Die Tonight» vart brukt i filmen Deep End i opnings- og avslutningsscena i 1970. Den versjonen av songen som vart brukt i filmen vart til slutt gitt ut i 2020.[32]
Fire av songane frå dette albumet vart brukt i filmen Harold and Maude frå 1971: «Tea for the Tillerman», «Where Do the Children Play», «Miles from Nowhere» og «On the Road to Find Out».
Songen «Father and Son» vart brukt i avslutningsscena i filmen Guardians of the Galaxy Vol. 2 frå 2017.[33] Songen er òg med i filmen The Boat That Rocked frå 2009.[34]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads