Teaser and the Firecat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Teaser and the Firecat er det femte studioalbumet til den engelske visesongaren Cat Stevens, gjeve ut i oktober 1971. Den engelske klaverspelaren Rick Wakeman spelte piano på «Morning Has Broken» og den engelske musikaren Linda Lewis bidrog med vokal på «How Can I Tell You».
I 1972 vann albumet prisen for det bestseljande albumet i den australske King of Pop-prisutdelinga.[2]
Remove ads
Oversikt
Albumet inneheld ti songar, inkludert hittane «Morning Has Broken», «Moonshadow» og «Peace Train». Det er òg tittelen på ei barnebok skrive og illustrert av Stevens. Historia handlar om figurane frå plateomslaget, den flosshattkledde ungen Teaser og kjæledyret hans, Firecat, som prøver å setja månen på plass igjen etter at han har falle ned frå himmelen. Boka vart gitt ut i 1972 og har vore utselt sidan midten av 1970-talet.
Albumet vart ein kommersiell suksess, og overgjekk høgdene som det førre albumet til Stevens oppnådde, Tea for the Tillerman, og nådde topp 3 i både Storbritannia og USA og var òg femten veker på toppen av den australske albumlista, og vart det mest selde albumet i landet i 1972.
I 1977 var ein animert versjon, fortalt av komikaren Spike Milligan, med songen «Moonshadow», eit segment i Fantastic Animation Festival. I november 2008 vart ei «luksusutgåve» gitt ut med ei andre plate med demoar og konsertopptak.
Remove ads
Mottaking
I ei samtidig melding i magasinet Rolling Stone roste musikkritikaren Timothy Crouse den særeigne musikalske stilen til Stevens og introspektive songar som «Tuesday's Dead» og «The Wind», men meinte at hah mangla den stemningsfulle kvaliteten til Van Morrison og dei raffinerte tekstane til James Taylor: «Cat er blitt ein påliteleg artist, ein god artist, men han ser ut til å vere ein av dei komponistane som ikkje utviklar seg, som ikkje har nokre overraskingar.»[4]
I ei retrospektiv femstjerners melding fann AllMusic-skribenten William Ruhlmann albumet meir forenkla lyrisk og musikalsk underhaldande enn Tea for the Tillerman (1970): «Teaser and the Firecat var det Cat Stevens-albumet som gav meir overflateglede til fleire menneske, noko som i popmusikk er det spelet går ut på.»[5] Det hamna på 539. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[6]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Cat Stevens, utanom der andre er nemnde
Luksusutgåve
Plate to
Alle spor skrivne av Cat Stevens, utanom der andre er nemnde
Medverkande
Musikarar
- Cat Stevens - akustisk gitar, piano og song
- Alun Davies - akustisk gitar, korsong
- Larry Steele - bassgitar, conga
- Gerry Conway - trommer, perkusjon
- Harvey Burns - trommer, perkusjon
- Linda Lewis - kvinneleg vokal på «How Can I Tell You»
- Jean Alain Roussel - hammondorgel på «Peace Train »
- Andy Roberts (ikkje kreditert) - Kriwaczek orgel på «How Can I Tell You»[8]
- Rick Wakeman (ukreditert) - piano på «Morning Has Broken»[9]
- Andreas Toumazis - bouzouki på «Rubylove»
- Angelos Hatzipavli - bouzouki på «Rubylove»
- Del Newman - strykeinstrument
Teknisk
- Cat Stevens - plateomslag[10]
- David Bailey - fotografi[11]
Remove ads
Salslister
Vekeslister
Årslister
Remove ads
Salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads