Teist
art i alkefamilien From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Teist eller teiste (Cepphus grylle) er ein sjøfugl i alkefamilien.
Remove ads
Utsjånad
Om sommaren er teisten heilt svart i fjørdrakta unnateke ein stor kvit vengeflekk og dei raude føtene. Nebben er mørk og smal. Når fuglen flyg ser ein kvite vengekantar. Om vinteren skiftar fargen på hovudet og undersida til kvitt. Kjønna er like. Totallengda er 34-37 cm og vengespennet 52-58 cm.
Utbreiing
Teist hekkar langs steinete kystområde i Nord-Atlanterhavet. Sørgrensene for utbreiingsområdet er Maine i Nord-Amerika og Irland i Europa, og mot vest går utbreiingsområdet til Alaska langs nordsida av Nord-Amerika. Fuglane overvintrar gjerne i hekkeområdet, men kan også trekke noko sørover til vinteren. Om vatnet frys flyttar dei ut til ope vatn.
Taksonomi
Mellom tre og sju underartar er skildra, av desse er fem vidt godkjende.
- C. g. grylle (Linnäus, 1758) – Austersjøen.
- C. G. mandtii, (Lichtenstein, 1822) – Arktis og austlege Nord-Amerika, sørover til Labrador og nordlege Newfoundland, vest og aust på Grønland, Jan Mayen og Spitsbergen, vidare austover langs Sibir til nordlege Alaska.
- C. g. arcticus, (C. L. Brehm, 1924) – Subarktis i Nord-Amerika, sørlege Grønland, dei britiske øyane og Noreg, sørvestlege Sverige, Danmark, Kolahalvøya og Kvitsjøen.
- C. g. faeroeensis, (C. L. Brehm, 1931) – Færøyane.
- C. g. islandicus, Hørring 1937 – Island.
Førekomst i Noreg
Fuglen hekkar langs heile norskekysten, men manglar i dei indre delane av nokre fjordar. Arten er i fare for å bli utryddingstrua i Noreg, og er difor oppført på norsk raudliste i kategorien nær trua, NT.[2] Langs delar av Sørlandskysten og i Hordaland finst fuglen ganske spreidd. Viktigaste hekkeområdet for arten er ytre kystområda frå Møre og Romsdal til Vest-Finnmark. Beste hekkeområda for teisten er grunne kystområde med øyar, holmar og skjer, kombinert med taregrunnar. Fuglen jaktar først og fremst på gruntvassfisk og dyr i tareområda. Desse sonene er smale innover i fjordane, og næringsgrunnlaget der er lite.
Remove ads
Åtferd og føde
Fuglen dukkar frå overflata og sym under vatnet på matleit. Han et hovudsakleg småfisk og krepsdyr, dessutan ein del leddormar og blautdyr. Utvalet av fisk er særs variert, det inkluderer tobis, sild, torsk, slimfisk i tangkvabbefamilien, artar i uerfamilien, tangsprell (Pholididae), hornkvabbar (Stichacidae) og ulker. Krepsdyr inkluderer pungreker. Fiskefangsten er typisk 9 til 12 centimeter lang, oftast tatt nær botn og på havdjupne under 35 meter. Dei kan òg fange fisk høgare oppe. Gjennomsnittleg tar eit dukk over eit minutt. Ungar blir mata med fisk som foreldra fraktar med seg på tvers i nebbet.[3]
Remove ads
Hekking
Teisten kjem til hekkeplassen frå april. Reiret er oftast godt skjult. Reiret er ei grop i underlaget, men egga kan òg leggast rett på fjellet.
Galleri
- I vinterdrakt på IslandFoto: Óskar Elías Sigurðsson
- Ungfugl, 20. august 2012, Quebec, Canada
- I sommardrakt, SvalbardFoto: Andreas Weith
- Teist-egg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads